Nord-Irland - dialog med Madsen

Jon Hareide Aarbakke (jha@computas.no)
Tue, 21 Apr 1998 08:39:46 +0200

Takk til Roar M for langt og fyldig svar, og i det heile konstruktivt.

Eg synest det er motig gjort både av Trimble og Adams å støtte avtala,
og eg ser (no) at skal dei selje ho til partia sine, må dei late som om
dei langsiktige måla for dei respektive sidene er bevarte, sjølv om
desse måla er inkompatible. Men det var det eg reagerte på, av di det
fikk meg til å tenke at kvar side berre var ute etter å fylle eigne mål.
Men det ser jo ut som om dei har kome fram til eit kompromiss som er
spiseleg for dei respektive partia.

Sekterisme i KK? Jo, eg oppfattar PMJ som svært pro-IRA, og det vert for
svart-kvitt for meg.

Om nasjonalisme - jepp, like rettar sosialt, økonomisk, religiøst, og so
- retten til å kalle seg irsk/britisk. Men etnisk identitet må
reduserast til ei privatsak, som religion - i den offentlege livet må
det vere uinteressant, ikkje gje grunnlag for diskriminering. Viss eg
bur i Belfast og kan velje kyrkje, skule, jobb, pub, venar, bustad utan
å bli hindra av di eg er "katolikk/ire/brite/protestant", så vert
sprengstoffet fjerna frå denne identiteten.

Minnemarsjane er ikkje nostalgi, dei er politikk.Feil politikk, avdi dei
handlar om å knesette etnisitet som operativ parameter i samfunnet. Sjå
Bosnia.

Til slutt er vi mest samde, Madsen - tida går, og nord og sør vert meir
og meir like. Eire er på økonomisk opptur, og sosiale tilhøve og
haldningar der endrar seg lynraskt - sjå "skilsmål", "abort" o.l. Kva EU
(øknonomisk, ikkje politisk) har for ansvar her er ikkje godt å seie,
men ja, eg trur at viss (når) menneska får ein meir europeisk identitet
(på godt og vondt), og i det heile på moderne sett tenkjer meir
individualistisk og mindre kollektivt, så vert motsetnadane mindre.
Verda vert i det heile meir lik!

Men ein ting lurer eg på : motstand mot undertrykking er ei sak, men kva
med terror? Viss ein stor del av katolikkane faktisk har følt seg
undertrykt fram til i dag, kvifor har då kampen i stor grad vore ført av
væpna menn, og ikkje t.d. sivil motstand?

Jon