Ørkenvandring (var Re: Sannheten om Jugoslavia avsløres)

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Sat Mar 25 2000 - 11:58:05 MET

  • Next message: Karsten Johansen: "Re:_Sannheten_om_Jugoslavia_avsløres"

    I Klassekampen for i dag finn ein eit anna forsøk på å fortelje
    "sanninga om Jugoslavia", under titelen: "En krig skapt i Natos bilde."
    Dette er ei oppsummering av Klassekampen sin kampanjejournalistikk rundt
    krigen i Kosovo, med referansar til andre kampanjejournalistar, og andre
    kjelder frå i fjor.

    Eg har ingenting mot at Klassekampen gjer dette i og for seg, men
    kritikken av propagandakrigen er einsidig og skinheilag. Ein kritiserer
    svart/kvitt-tenkjinga med eit anna bilete i svart-kvitt. Det blir dels
    subtilt pakka inn med referansar til "forsking", dels framstilt på
    tabloid vis, med lausrivne sitat utan samanheng. Ein nyttar
    internasjonale kampanjejournalistar som "uavhengige" kjelder og gir
    nokre av dei større tyngde enn dei fortener ("Veteranen blant
    krigskorrespondentene, Robert Fisk...").

    Om Klassekampen meiner det er liv laga i å bli eit slags
    "venstreradikalt" motstykke til VG, er det redaksjonen og eigarane sitt
    problem. Eg for min del trekk meg attende, ikkje berre fordi eg er i
    mindretal og fordi eksistensen min i miljøet rundt avisa blir eit slags
    alibi, eit folkloristisk innslag. Nei, eg trekk meg først og fremst
    attende frå alt dette (inkl. KK-forum), fordi det er bortkasta tid og
    sløsing med ressursar. Det blir ei ørkeslaus vandring mellom
    "stildebattar" og sekterisk retorikk - hakk i plata.

    Når eg attåt oppdagar at AKP framleis strittar mot dei som kjem med
    konstruktive forslag for å få avisa ut av bakevja, forstår eg at heile
    avisprosjktet er kaduk, forkvakla og forstokka. Dette har eg sagt
    tidlegare, så det blir eit slags hakk i plata det også.

    Problemet er at ein stadig kjem attende til slike hakk. Les ein i
    arkivet til KK-forum, oppdagar ein fort at "debattane" går i ring. Dette
    avslører ein intellektuell og politisk fattigdom som diverre pregar
    store deler av norske "venstreside". Ein kastar seg over "merkesaker"
    Nei til EU, Nei til Nato, og nokre sære "venstrepopulistiske" utvekster.
    Ein stengjer seg inne i eit sjølvkonstruert mikrokosmos, der valkampen
    kvart fjerde år (?) og den vanlege brøkdelen i oppslutnad blir ei bragd.

    Kva finst av kontaktar andre stader i verda? Ikkje stort anna enn det
    som er resultatet av det personlege arbeidet til ildsjeler. Kva blir
    gjort for å skaffe slike kontaktar? Kvar gong eg har stilt desse
    spørsmåla tidlegare, har det anten vore taust, eller så har eg blitt
    beden om å finne adresser.

    Utan å overdrive særleg fylgjer merkesakene - "dagskampen" det som er
    tema i norsk tabloidpresse og tv. Klassekampen blir forståeleg i eit
    slikt perspektiv. Dei få unntaka stadfester regelen.

    Det blir monotont og tørt, og i lengda heilt umogleg å puste i dette
    ørkenlandskapet.

    Takk for meg.

    Oddmund Garvik



    This archive was generated by hypermail 2b29 : Sat Mar 25 2000 - 12:04:51 MET