Karsten Johansen a écrit :
> Prøv å få debatten opp på et prinsippielt plan: er historieforfalskninger i
> "den gode sak"s tjeneste forsvarbare? Mitt svar er nei, uansett hvem som
> utfører dem.
Du proklamerer i ein parentes at du slettar meldingar, for å gi deg til
å kommentere dei med din eigen innfallsvinkel. Eg er samd i at
"debatten" om dette biletet frå Bosnia er overdimensjonert, og kunne ha
ebba ut for eit par dagar sidan. Men det handlar i det minste om
politikk, i motsetnad til "stildebatten" for litt sidan.
Ein prinsippdebatt om historieforfalsking vil truleg bli like lite
interessant, ettersom eg har vanskelg for å tru at nokon vil forsvare
slikt her, sjølv i "den gode saks teneste". Men for all del: Sett i gang
de som vil!
Ingen her på forumet har samanlikna fangeleirane i Bosnia med tyske
KZ-leirar. Det som med rette er blitt hevda, er at ugjerningane og
brotsverka i det tidlegare Jugoslavia ikkje har hatt sidestykke i Europa
i etterkrigstida. Ein kan sjølvsagt parere med å seia at det ikkje har
vore krigar i Europa i den same perioden, men det forandrar ingenting på
den SVÆRT ALVORLEGE KARAKTEREN til desse brotsverka. Og det er vanskeleg
å stikke under stolen at det er det serbiske regimet som er
hovudansvarleg, og som står bak dei fleste ugjerningane.
Eg er usamd med dei som tarerer vekta på ein slik måte at brotsverka
blir likeverdige, dvs. at me eigentleg har med likeverdige bandittar å
gjera. Det er for unyansert og lettvint.
Det forbausar meg derimot ikkje at fascisten Tudjman truleg samarbeidde
med fascisten Milosevic (eg vonar ikkje omgrepet blir utvatna når ein
brukar det slik...). Eg ville derimot vera litt meir forsiktig med å
kalle denne avsløringa "sannheten om Jugoslavia".
> Hvordan i allverden de samme (USA/FN) da kan bruke begrepet om Kosovo med noen få
> tusen ofre, som er en ren bagatell i forhold til begivenhetene i Ruanda, kan
> kun forskning i propagandaens og rasismens psykologi gi svar på. Det er
> klart at alt dette hver for seg er alvorlige forbrytelser, men hvis
> proporsjonene og evnen til å iaktta og karakterisere kvalitativt
> forskjellige fenomener i historien forsvinner, kan bare løgnere og
> propagandister tjene på det.
For det fyrste ser eg ikkje på USA og FN som noko bortimot identisk. Det
er ei form for populistisk vulgarisering eg ikkje er samd i.
For det andre er det som skjedde i Rwanda eit folkemord slik det er
definert i FN sine traktatar. Det som skjedde i Kosovo er diskutabelt i
høve til definisjonen av folkemord, men ettersom internasjonal rett er i
utvikling i høve til desse spørsmåla, er det mest fornuftig å ikkje koma
med bastante påstandar korkje i den eine, eller i den andre retningen.
I utgangspunktet blei det snakka om 100 000 drepne i Kosovo. No er dette
talet redusert til rundt 10 000. Talet på drepne som direkte følge av
Nato-bombinga ligg på rundt 500. Dette er alvorleg for europearar, fordi
det er i Europa. Ein kan kalle det ein bagatell i høve til myrdinga i
det Tredje Riket, i Sovjetunionen, i den kinesiske Folkerepublikken, i
Kambodsja, i Rwanda, osb., men då risikerer ein å ende opp i ei
relativisering som liknar den grauten media serverer kvar dag, og det er
vel ikkje det me vil?
Oddmund Garvik
This archive was generated by hypermail 2b29 : Fri Mar 24 2000 - 22:39:52 MET