Re:_Miljø_og_skremselspropaganda_(Var:_Slik var februar)

From: \\yvind Seland (oyvind.seland@geofysikk.uio.no)
Date: Wed Mar 08 2000 - 10:02:28 MET


On Tue, 7 Mar 2000, Karsten Johansen wrote:

> At 10:12 07.03.00 +0100, \\yvind Seland wrote:
 
> Poenget er:
> avvikene i de seneste ti-årene er systematiske i een retning:
> mer vind, mer nedbør, varmere. Det er over tolv år siden den siste
> vinteren med negative temperaturavvik i Skandinavia, ja i Europa.
> Det samme gjelder den nordlige halvkule sett under ett. Dette
> gir seg utslag i: enorme områder av nordpolisen er forsvunnet og
> den gjenværende er blitt mye tynnere. Enormt mye større områder
> av innlandsisen på Grønland opplever smelting av snøen om sommeren.
> Osv. Data er overveldende, og det er jaggu bare i Gnore pluss i
> oljeindustrien (er det en sammenheng her?) det finnes
> en del sære stabukker som fortsatt benekter fakta og tøver med
> språklige misforståelser og flisespikkeri.

Det er no eingong slik at når noko krev relativt store endringar i
samfunnet så krev folk flest at det er godt underbygd. I dag på
kvinnedagen kan det vel vere treffande å bruke uttrykket backlash.
Dersom ein ikkje er temmeleg nøye på at det ein seier er korrekt,
vil ein lett bli mistrudd på alt anna.

Utsagnet ditt ovanfor er typisk. Alt systematisk i ein retning.
Temperaturen er det. (Mogleg unntak i 1996, eg har ikkje leita
i så mange rapportar.) Så blir resultata meir og meir typiske for
Vestlandet, og for nedbør også for kysten av Nord Noreg.

At eg peiker på slike ting er ikkje det sam som at eg er usamd i
konklusjonane dine. Eg meiner også at det ein kan sjå resultat av
menneskleg aktivitet på klimaet, og at me vil sjå større effketar
i åra framover.

Apropos dei siste 12 år. Noko som har gjort at norske
forskerar har vore litt forsiktige med å uttale seg om endringane her,
er at det har vore ein omtrentlig 10 års syklus med kalde og mildare
vintrar. Dei siste vintrane har likevel vore mykje varmare enn
tidlegare.

Eg har ikkje tenkt å ta meir om normaldiskusjonen,
berre kommentere at manns minne ofte er dårleg

> >Er det best å gå inn for ein kraftig reduksjon av drivhusgassar,
> >eller er det mest lønnsomt å reparere / forebygge dei skadene
> >som kjem i etterkant? Korleis verdisetter du plankeskuret i Bangladesh
> >opp mot strandeiendommen på Snarøen? Er me villige til å ta i mot
> >klimaflyktninger? osb......
> >
> >Ja, kanskje me til og med får det betre? Kanskje blir det eit krav
> >frå stortingspolitikerane i eit fylke til klimaforsskerar at dei vil ha
> >eit langtidsvarsel for dei neste 100 år før dei vil ta standpunkt
> >til kva dei skal gjere? ;-)
>
> Ja, det er fryktelig inn og morsomt med disse data"signalene". Men
> for å holde oss til saken: Det Seland gjør er på typisk sosialdemo-
> kratisk vis å presentere fremtiden som uungåelig og forutbestemt.

I så fall har du misforstått meg grundig.
Eg seier ikkje at framtida er uungåelig og forutbestemt.
Eg seier derimot at det er heilt legitimt politisk å
velje å la endringane komme. Eg er ueinig i det, men eg kan fint greie
å finne argument for eit slikt syn.

Problemet er berre at politikerane går ikkje ut og argumenterer
for at dei ønsker å gjere dette valet, men synest det er mest lettvint
å peike på det uungåelege.
 
Gnore seier du. Jaha, sjå deg rundt i verda, i alle fall
den industrialiserte. Kompromisset er: Vi prøver
å ha ein viss kontroll, lager litt rammeverk for avtalar, og ellers
er det stort sett økonomien som bestemmer.

Ønsket frå politikerar til klimaforskerar er stort sett:
Finn den optimaleløsninga for å gjere minst mogleg utan for
store skadeverknader.

Til slutt ein utsagn Johansen hadde i eit anna innlegg.

>Alle modeller bygger på
>(et begrenset kjennskap til) fortida som datamateriale.

Nei, modellane bygger også på alminnelege fysiske / kjemiske samanhangar,
som er gyldige uavhengig av kor mykje CO2 etc. me har i lufta.
Derimot er det sjølvsagt mykje vanskelegare å kontrollere modellane
for tilfelle som ligg langt unna dagens forhold.

Øyvind Seland

Klimaforskar
Universitet i Oslo



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:29 MET