Re: Miljø og skremselspropaganda (Var: Slik var februar)

From: Oddmund Garvik (garvik@worldonline.fr)
Date: Mon Mar 06 2000 - 18:30:54 MET


Ottar Birkeland a écrit :

> Det er ingen tvil om at temperaturen globalt sett har gått opp (med ca. 0,4
> grader sidan 1900). Det er mogleg , ja, faktisk sannsynleg, at dette
> skyldast auka drivhuseffekt. Men desse stadige meldingane om korleis
> nedbøren og temperaturen er i forhold til normalen byrjar å bli parodiske.
> Er det ingen som huskar Leif Justers "Mot norrrmalt!!"? Det er faktisk heilt
> normalt at ein avvik frå normalen. Så i staden for å drive stadig
> "skremselspropaganda" med utgangspunkt i ein enkelt månad, .......

Kva er det som er problemet ditt? Kva er det du vil fram til her? Utover
det banale at det er "normalt at ein avvik frå normalen"...?

> Eit anna argument som kjem forholdsvis ofte er at naturkatastrofene rundt om
> i verda er blitt så mykje meir øydeleggjande. Den mediaskapte illusjonen er
> at dette skyldast at været er blitt mykje verre. Men hovedgrunnen er faktisk
> aukande folkemengd i dei utsatte områda og det dei gjer (drenerar, høgg ned
> skog osv.). Dermed blir ei nedbørsmengd som kjem noko oftare enn før
> katastrofal og omfattar fleire.

Det eine utelukkar ikkje det andre. Kor har du forresten dokumentasjonen
din frå, som gjer at du bombastisk kan slå fast at dei ekstreme
vêrutslaga me har sett dei siste åra, hovudsakeleg er ein "mediaskapt
illusjon"? Eg er samd i at menneskelege inngrep i naturen kan ha ein
forsterkande effekt i somme tilfelle, men ser ein på desse inngrepa, så
har dei vore mindre enn aukinga av CO2-utsleppet, og oppvarminga av
atmosfæren og havet. Det er mengda av CO2-utslepp som er den
katastrofale endringa, sjølve skiljet mellom før og etter 70-talet.
Flaumkatastrofar t.d. er først og fremst resultatet av mykje nedbør på
kort tid. Dårleg vedlikehald av dike og demningar, og byggjing i
flaumutsette strok, kan sjølvsagt forsterke konsekvensane av dei, men
det er ikkje det me snakkar om her.

> Eg er redd for at drivhuseffekten er i ferd med å bli eit alibi for Vesten
> til å gjere mindre med desse andre problema som det er mykje lettare å
> "reparere", men som krev større endringar i verdsøkonomien enn å oppfylle
> Kyoto-avtalen.

Eg forstår framleis ikkje poengent ditt. Alibi for kven? Det er vel
ikkje først og fremst regjeringane og dei multinasjonale selskapa som
snakkar om drivhuseffekten. Nok ein gong stiller du ting opp mot
kvarandre som eigentleg høyrer saman: Det å betra livsgrunnlaget i
"utsette område med aukande folkemengd", dvs. den tredje verda, står
ikkje i motsetnad til kampen for eit betre miljø. Når det blir snakk om
modellar for utvikling, er det vel ingen tvil om kor ein bør stille seg
om ein forfektar dei grunnideane som mange her på forumet støttar.
Kyotoavtalen har ein viss symbolsk effekt, men er berre eit steg på
vegen.

> Sidan eg sikkert kjem til å pådra meg ein del sinte svar på denne mailen
> likevel, kan eg avslutte med noko som sikkert kjem til å provosere enda
> fleire: Kan nokon forklare meg kvifor det er miljøvenlig og bra å bygge ein
> haug stygge og bråkete vindmøller langs kysten, mens det er miljøfientleg å
> byggje ut vasskraft i Gaular, Saltfjellet, Breheimen og Øvre Otta?

Eg for min del let meg ikkje provosere av tåketale og uvit. Det skulle
vera elementært at vindmøller, solceller, bølgjekraftanlegg osb.
representerer mindre inngrep i naturmiljøet enn regulering av vassdrag.
Det har med biologi å gjera, og eg hoppar over det. (Eg vaks opp i
område med intens vasskraftutbyggjing på 50-, 60, og 70-talet, og trong
ikkje kunnskapar i (mikro)biologi for å forstå at dette hadde stor
innverknad på naturmiljøet).

Når det gjeld spørsmålet om energiproduksjon og -bruk, kjem ein ikkje
utanom fornybare energikjelder og energisparing. Same korleis ein snur
og vender på det, vil ein måtta leggje om energiproduksjonen og redusere
energibruken i framtida. Dette er både eit personleg ansvar, eit
nasjonalt og eit internasjonalt spørsmål. Særleg folk på "venstresida"
skulle ta dette alvorleg, for det blir noko holt om ein slår om seg med
klåre og skarpe standpunkt utan å fylgja det opp i praksis. Og praksis
byrjar som kjent med ein sjølv.

Når du, Birkeland, endra overskrifta på eit innlegg som berre var ei
referering av statistikk frå DNMI for februar 2000, for å gjera det til
ei sak om "miljø- og skremselspropaganda", finn eg det patetisk. Du gir
uttrykk for ei haldning eg tar avstand frå, fordi det er alt anna enn
"venstrepolitikk", og fordi det ikkje har noko som helst med forstand å
gjera. Men du har sjølvsagt rett til å meine det du vil, og velgje det
selskapet som passar. I dette tilfellet blir det rett nok lite
flatterande, som Karsten Johansen nyleg var inne på.

Oddmund Garvik



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:28 MET