Miljø_og_skremselspropaganda_=28Var:_Slik_v ar_februar=29

From: Ottar Birkeland (ottar.birkeland@redcross.no)
Date: Mon Mar 06 2000 - 16:19:44 MET


Sidan det er så mange innlegg om været rundt om i verda, kan vel eg og
snakke litt om det..

Det er ingen tvil om at temperaturen globalt sett har gått opp (med ca. 0,4
grader sidan 1900). Det er mogleg , ja, faktisk sannsynleg, at dette
skyldast auka drivhuseffekt. Men desse stadige meldingane om korleis
nedbøren og temperaturen er i forhold til normalen byrjar å bli parodiske.
Er det ingen som huskar Leif Justers "Mot norrrmalt!!"? Det er faktisk heilt
normalt at ein avvik frå normalen. Så i staden for å drive stadig
"skremselspropaganda" med utgangspunkt i ein enkelt månad, hadde det vore
interessant å sjå 1980-99 i forhold til 1960-1979. Eg er ikkje i tvil om at
den vil gi ein trend med varmare og meir nedbørsrike vintrar, men tilfeldige
utslag som at Buskerud berre har 25% av normalnedbøren ville ein i det
minste bli kvitt.

Eit anna argument som kjem forholdsvis ofte er at naturkatastrofene rundt om
i verda er blitt så mykje meir øydeleggjande. Den mediaskapte illusjonen er
at dette skyldast at været er blitt mykje verre. Men hovedgrunnen er faktisk
aukande folkemengd i dei utsatte områda og det dei gjer (drenerar, høgg ned
skog osv.). Dermed blir ei nedbørsmengd som kjem noko oftare enn før
katastrofal og omfattar fleire.

Eg er redd for at drivhuseffekten er i ferd med å bli eit alibi for Vesten
til å gjere mindre med desse andre problema som det er mykje lettare å
"reparere", men som krev større endringar i verdsøkonomien enn å oppfylle
Kyoto-avtalen.

Sidan eg sikkert kjem til å pådra meg ein del sinte svar på denne mailen
likevel, kan eg avslutte med noko som sikkert kjem til å provosere enda
fleire: Kan nokon forklare meg kvifor det er miljøvenlig og bra å bygge ein
haug stygge og bråkete vindmøller langs kysten, mens det er miljøfientleg å
byggje ut vasskraft i Gaular, Saltfjellet, Breheimen og Øvre Otta?

Beste helsing

Ottar Birkeland

> -----Opprinnelig melding-----
> Fra: Oddmund Garvik [SMTP:garvik@worldonline.fr]
> Sendt: 6. mars 2000 15:25
> Til: KK-forum
> Emne: Slik var februar
>
> Middeltemperaturen i februar var over normalen i heile landet. Det var
> til dels store avvik frå normalen. Høgaste dagstemperatur 12,1 grader
> vart målt i Tafjord 10. februar.
>
> Månadsnedbøren var over normalen i store delar av landet, men under på
> delar av Austlandet. Fleire meteorologiske stasjonar på Vestlandet fekk
> fleire gonger så mykje nedbør som normalen, medan delar av Buskerud fekk
> mindre enn 25 prosent av normalen, opplyser DNMI (Det norske
> meteorologiske institutt).
>
> Den normalen me samanliknar med er perioden 1961-90.
>
> Gjennomsnittstemperaturen i februar var på Gardermoen minus 2,6 grader
> (normalen er minus 7,1),
>
> Blindern minus 0,5 (minus 4,0),
> Kjevik pluss 2,0 (minus 1,8),
> Sola pluss 3,9 (pluss 0,6),
> Sauda pluss 1,1 (minus 1,7),
> Bergen pluss 3,2 (pluss 1,5),
> Værnes pluss 1,3 (minus 2,5),
> Bodø pluss 0,3 (minus 2,0),
> Langnes i Tromsø minus 2,8 (minus 3,7),
>
> Vardø minus 3,7 (minus 5,4) og
> Svalbard lufthamn Longyearbyen minus 11,1 (minus 16,2).
>
> På Gardermoen blei det i februar målt 38 mm nedbør (normalen er 49),
> Blindern 34 (36),
> Kjevik 137 (80),
> Sola 148 (66),
> Sauda 428 (156),
> Bergen 331 (152),
> Værnes 77 (52),
> Bodø 113 (64),
> Langnes 120 (86),
> Vardø 32 (41) og
> Svalbard lufthamn seks millimeter (normalen er 18 millimeter),
>
> opplyser DNMI.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:27 MET