SV: SV: KK - organ for Vlaams Blok?

From: Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Date: Mon Feb 21 2000 - 11:46:58 MET


Dette er jo ei interessant usemje, fint om fleire kjem med synspunkt.

Etter mitt syn var det ei bra framside. Løpesetlen frå rasistane er
grotesk. Løpesetlen vekkjer interesse, og kan trekkja lesarar til ein
artikkel som mange i utgangspunket vil velja å hoppa over (Belgia,
liksom...). Det som skjer i Flandern er jævleg viktig. Dette er ikkje FMI
med 0,002 % oppslutnad, dette er Vlaams Blok med 40 %. Om ein eller annan
Ola eller Ali stoggar opp i aviskiosken og lurer på kvifor det står "Stopp
islam" på Klassekampen, er det jo berre bra. På framsida står det at
generalsekretær Dewinters har "gått fra kølle til slips", inni er han
avbilda i Zieg Heil, vi fortel om den brutale valden han og andre leiarar i
partiet har utført for ikkje mange år sidan, etc. I ei avis som KK burde
det ikkje vera rom for tvil om kvifor vi skriv om dette. Det er IKKJE for å
reklamera mot islam.

Eg er altså usamd med Staursets vurdering, også av framsida. Vi KUNNE ha
skrive "Det rasistiske Vlaams Blok seier at ei ikkje er rasistar" eller
hatt med ein kommentar frå belgisk antirasist som seier "Dette er
forferdeleg..." etc. Men etter mitt syn er ikkje det naudsynt, det er tvert
imot føreseieleg og bygd på ein undervudering av lesarane. Etter mitt syn
tenkjer lesarane sjølve. Etter mitt syn er det desse sjølvtenkjande
lesarane vi lager avis for, og eg trur lite på ein teori om at
Klassekampen, av alle, risikerer å bli oppfatta som anti-islam/innvandring
fordi vi har eit flygeblad frå Vlaams Blok på framsida. Tvert imot,
faktisk.

magnus e marsdal
KLASSEKAMPEN



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:23 MET