Re: SV: KK - organ for Vlaams Blok?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Mon Feb 21 2000 - 11:19:50 MET


Magnus Marsdal wrote:
>
> Eg lurer på: Trudde Lars Staurset, då han såg framsida fredag, at KK stør
> parola "Stop islam"?

Nei, for eg har lese avisa i mange år. Men framsida skal både selje
avisa og fortelje kva som er det viktigaste akkurat den dagen. Sidan
øvre halvdel av framsida ropar ut bodskapen "STOP ISLAM", vil ein
forbipasserande i kiosken, eller ein som tilfeldigvis kjem over eit
eksemplar, oppfatte at dette er ei melding frå avisa som kallar seg
KLASSEKAMPEN med endå større bokstavar lenger oppe. Lenger nede på
framsida er det heller ingen reservasjonar mot ei slik tolking.

Tenkjer ikkje redaksjonen (eller desken) på korleis ei framside blir
oppfatta? Eller ser dei ikkje assosiasjonen mellom "stopp Islam" og
"stopp innvandringa"?

> Inntil han las artikkelen? Og kva var det evt i
> artikkelen som skulle tilseia, i større grad enn framsideteksten, at vi
> ikkje stør Vlaams Blok?

Lite, trur eg; eg har ikkje lese artikkelen grundig. Men dei som les ein
slik reportasje, får han vanlegvis balansert med anna lesing, og
misforstår ikkje kva avisa står for. Det er heilt OK å presentere
motstandarar og fiendar på ein nøktern måte, slik informasjon treng vi.
Det er framsida - som mange fleire ser - eg reagerer på.

> Kva med KK-utgåva etter valet i 97 (eller 95?) som
> hadde Carl I Hagen over heile framsida med teksten "Østkantens herre" - var
> det "KK som organ for Frp"?

Hagen-framsida var kanskje ikkje bra, eg hugsar ho ikkje nøyaktig. Men
framsida fredag inneheldt ei stygg oppfordring, og det er verre enn å
vise Hagen som sigerherre.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:23 MET