SV: KK - organ for Vlaams Blok?

From: Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Date: Mon Feb 21 2000 - 10:23:10 MET


Eg lurer på: Trudde Lars Staurset, då han såg framsida fredag, at KK stør
parola "Stop islam"? Inntil han las artikkelen? Og kva var det evt i
artikkelen som skulle tilseia, i større grad enn framsideteksten, at vi
ikkje stør Vlaams Blok? Kva med KK-utgåva etter valet i 97 (eller 95?) som
hadde Carl I Hagen over heile framsida med teksten "Østkantens herre" - var
det "KK som organ for Frp"?

Undrande helsing

magnus e marsdal
KLASSEKAMPEN

-----Opprinnelig melding-----
Fra: Lars Staurset [SMTP:lars.staurset@statkart.no]
Sendt: 21. februar 2000 10:07
Til: klassekampen-forum
Emne: KK - organ for Vlaams Blok?

Redaktøren er kry av framsida på laurdagsavisa. Den kan eg ikkje uttale
meg om enno, men eg får sjå dersom avisa kjem i dag. Framsida på
fredagavisa, derimot, må vere den verste sidan "Steng grensene" ein gong
på 60-talet (?). Går redaktøren god for den?

Halve sida er fylt av ein farge-plakat med "STOP ISLAM" i store
bokstavar langt oppe, svært tydeleg i kioskstativet. Lenger nede står
det "VLAAMS BLOK". Under plakaten forklarar leiaren for blokka at dei
ikkje er rasistar, men vil ha eit Flandern for flamske og Europa for
europearar. Bodskapen (for dei som ikkje les alt med lita skrift på
midtsidene) er at avisa Klassekampen støttar dette slagordet og partiet
bak det.

Blir "Stopp Innvandringen" presentert på same måte neste gong?

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:23 MET