Re: SV: SV: KK - organ for Vlaams Blok?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Mon Feb 21 2000 - 13:24:30 MET


Magnus Marsdal wrote:
>
> Dette er jo ei interessant usemje, fint om fleire kjem med synspunkt.
>
> Etter mitt syn var det ei bra framside. Løpesetlen frå rasistane er
> grotesk. Løpesetlen vekkjer interesse, og kan trekkja lesarar til ein
> artikkel som mange i utgangspunket vil velja å hoppa over (Belgia,
> liksom...).

Dei som har prøvd å selje ein bodskap, f.eks. med å dele ut flygeblad,
veit at dei fleste potensielle mottakarane berre oppfattar ein brøkdel.
For avsendaren er det ekstremt viktig å få den rette brøkdelen til å "gå
inn", og kanskje vekkje interessa for resten. Dei som laga flygebladet
for Vlaams Blok, har gjort ein svært god jobb med slagordet og
teikninga. "Grotesk", ja visst, men det fungerer. Å bruke den same
illustrasjonen til blikkfang for ein motsett bodskap, utan i det minste
å setje eit raudt kryss over, fungerer ikkje. Det kan til ein viss grad
samanliknast med å ha nakne damer på framsida og seriøse artiklar mot
porno inni avisa.

Dobbelkommunikasjon eller overskrift-ordspel inni avisa kan vekkje
interesse på den rette måten, men framsida bør vere svært tydeleg.

> I ei avis som KK burde
> det ikkje vera rom for tvil om kvifor vi skriv om dette. Det er IKKJE for å
> reklamera mot islam.
(...)
> Etter mitt syn
> tenkjer lesarane sjølve. Etter mitt syn er det desse sjølvtenkjande
> lesarane vi lager avis for, og eg trur lite på ein teori om at
> Klassekampen, av alle, risikerer å bli oppfatta som anti-islam/innvandring
> fordi vi har eit flygeblad frå Vlaams Blok på framsida. Tvert imot,
> faktisk.

Her snakkar vi om ulike målgrupper. Eg er ikkje uroa på vegner av Ola
Lars Andresen, Trygve Lie og andre KK-abonnentar som les avisa grundig
kvar dag; men heller for dei som tilfeldigvis ser ho, dei som får med
seg slagordet "stopp islam" og tenkjer "ja, det er fælt med denne
innvandringa" før dei hastar vidare med VG og Se&Hor under armen.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:23 MET