SV: SV: KK - organ for Vlaams Blok?

From: Ola Lars Andresen (olala@online.no)
Date: Mon Feb 21 2000 - 11:52:16 MET


Jeg gir gjerne et synspunkt. Bortsett fra at jeg syntes layouten var på trynet - de to oppslagene burde ha byttet plass - er jeg hjertens enig med Magnus i at "Om ein eller annan
> Ola eller Ali stoggar opp i aviskiosken og lurer på kvifor det står "Stopp
> islam" på Klassekampen, er det jo berre bra".
Helt korrekt. Vær frekk! Overrask! Få solgt avisa!

Vennlig hilsen

ola
----- Original Message -----
From: Magnus Marsdal <magnus.marsdal@klassekampen.no>
To: klassekampen-forum <klassekampen-forum@aksess.no>
Sent: Monday, February 21, 2000 11:46 AM
Subject: SV: SV: KK - organ for Vlaams Blok?

> Dette er jo ei interessant usemje, fint om fleire kjem med synspunkt.
>
> Etter mitt syn var det ei bra framside. Løpesetlen frå rasistane er
> grotesk. Løpesetlen vekkjer interesse, og kan trekkja lesarar til ein
> artikkel som mange i utgangspunket vil velja å hoppa over (Belgia,
> liksom...). Det som skjer i Flandern er jævleg viktig. Dette er ikkje FMI
> med 0,002 % oppslutnad, dette er Vlaams Blok med 40 %. Om ein eller annan
> Ola eller Ali stoggar opp i aviskiosken og lurer på kvifor det står "Stopp
> islam" på Klassekampen, er det jo berre bra. På framsida står det at
> generalsekretær Dewinters har "gått fra kølle til slips", inni er han
> avbilda i Zieg Heil, vi fortel om den brutale valden han og andre leiarar i
> partiet har utført for ikkje mange år sidan, etc. I ei avis som KK burde
> det ikkje vera rom for tvil om kvifor vi skriv om dette. Det er IKKJE for å
> reklamera mot islam.
>
> Eg er altså usamd med Staursets vurdering, også av framsida. Vi KUNNE ha
> skrive "Det rasistiske Vlaams Blok seier at ei ikkje er rasistar" eller
> hatt med ein kommentar frå belgisk antirasist som seier "Dette er
> forferdeleg..." etc. Men etter mitt syn er ikkje det naudsynt, det er tvert
> imot føreseieleg og bygd på ein undervudering av lesarane. Etter mitt syn
> tenkjer lesarane sjølve. Etter mitt syn er det desse sjølvtenkjande
> lesarane vi lager avis for, og eg trur lite på ein teori om at
> Klassekampen, av alle, risikerer å bli oppfatta som anti-islam/innvandring
> fordi vi har eit flygeblad frå Vlaams Blok på framsida. Tvert imot,
> faktisk.
>
>
> magnus e marsdal
> KLASSEKAMPEN
>
>



This archive was generated by hypermail 2b29 : Wed Mar 15 2000 - 12:52:23 MET