Re: Kultursnobberi - ordliste

marsdal@norconnect.no
Tue, 1 Oct 1996 11:42:04 +0100

du skreiv:
. Diskurs og emfasere (?!!?) er eksempler
>på håploese ord som ikke burde vært brukt. Ambisiøs, kontekst,
>ambivalent og kontroversiell er ord som sannsynligvis er så alminnelige
>for skribenten (og mange andre) at han eller hun aldri har tenkt på dem
>som fremmedord, og dermed aldri har kommet på tanken at det kan finnes
>norske erstatninger. Dette er ikke snobberi, men det kan anklages for
>å være uomtenksomt.

Jau då, eg er samd i at for ein del folk er det så "alminnelig" å nytta
unorske ord som sjeldan kjem ut av munnen på arbeidsfolk, at dei ikkje ein
gong tenkjer på at det er det dei gjer. Dermed er eg og samd i at "kontekst"
ikkje treng vera uttrykk for direkte jåleri. Men problemet er langt meir
omfemnande enn at nokon er "uomtenksomme". Vokabular og syntaks utrykker til
saman MEIR enn meining, det uttrykker kultur, bakgrunn og ofte kor du står
(evt. ynskjer å stå) på den sosioøkonomiske rangstigen. Difor er det eit
problem om "skribentane" på kultursidene høyrer til det skiktet som nyttar
"diskurs", "kontekst" og jamvel "emfrasere", kjenner seg "heime" med desse
orda, og ikkje ofrar ein tanke på at ei revolusjonær, folkeopplysande avis
ikkje kan ha den språklege kulturen til ein liten DEL av det intelektuelle
skiktet av folket som "hegemonisk" kultur i halve avisa.

Spørsmålet må stillast slik som Mao gjorde: FOR KVEN? For kven vil vi at
Klassekampen skal skriva? Ikkje *berre* i tydinga "kven skal lesa" men òg i
tydinga "for å tena KVEN sine politiske og økonomiske interesser". Når vi
finn ut av dette, kan vi undersøkja kven det ER skribentane skriv for, og
kanhenda konkludera med at ein del av skribentane ikkje passar inn i
Klassekampen, rett og slett. ( No vil truleg dei postmoderne skribentar
rista på hovudet og le ironisk av at det blir antyda at det finst klasser
("kven sine politiske og økonomiske interesser") og i alle høve av at ein
skal ha politiske og kulturelle strategiar i kampen mellom desse klassene
(det var 70-tallet det, gutten min), men det skit eg i, for mitt ærend er
berre å bidra til at den postmoderne papirtiger-latteren finn seg andre
media enn avisa Klassekampen, ikkje å påføra dette skiktet eit rettvist
klassestandpunkt.)

God jul i Kabul!

Magnus E Marsdal