fossenbladismen

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 09-06-02


Karsten peikar på ein viktig ting som fleire gjer klokt i å tenkja over: Dei
som her i landet kallar seg "urbanistar", står i liten grad for kvalitetane
i bysivilisasjonen slik vi kjenner dei historisk.

Byar kan vera veldig trivelege stader. I Noreg har vi fleire som dyrkar ein
triveleg handelsmannskultur: Bergen har mykje av det, men sjølv ein liten by
som Kristiansund er glimrande å bruka ein dag i når ein har pengar som ein
vil bli kvitt. I begge byane er det mogleg å kjøpa mat med anstendig
kvalitet. Kristiansund er i tillegg noko så merkverdig som ein gjenoppbygd
by (dei fleste gjenreisingsprosjekta etter 1945 er nokså triste) som har
utsjånaden med seg.

Diverre finn du mange døme på det motsette: Daude eller døyande byar. Det er
mogleg å skapa sopass mykje sosial og økonomisk turbulens at det eigentleg
urbane døyr. Det tar tid å skapa kultur, men det er fort gjort å øydeleggja.
Her dreg kjøpesenter og bumaskinar i same retning.

Får desse kreftene verka fritt, vil gamle byar bli arkitektoniske museum som
sosialt har mist særpreget sitt. Bak sekstenhundretalsfasadane vil du berre
finna "just another Milwuakee".

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST