Hva er kapitalisme

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 17-05-02


Trond Andresen skriv:
" Ellers Brendberg, la oss slippe "helle-kalde-bøtter-vann" - responsen:
Kapitalismen er så umåtelig altomfattende -- den infiserer oss alle og
samfunnet på tusen og en måter -- og dermed så vil et hvert forslag innretta
på å oppheve / begrense visse trekk ved den, være fånyttes."

Orsak, Trond - poenget mitt var vel at eg er usamd med hovudfokus. Det
"Führerprinsippet" som gjeld for kapitalistisk næringsliv er røynleg nok.
For å forenkla diskusjonen vil eg freista med følgjande spissformulering:
Andresen meiner fokus må vera retta mot det kapitalistiske eigarskapets
udemokratiske natur. Brendberg meiner ansvarsløysa er eit verre problem. For
min del er det betre med ein "führer" i ei verksemd som det er mogleg å
stilla til ansvar, enn anonyme "kapitalkrefter". Særleg om desse anonyme
"kapitalkreftene" er kopla saman med ei illusorisk "demokratisering" på
eigarsida. Eg er sjølvsagt klar over at eg no forenklar - men eg oppfattar
det slik at Andresen også er ute etter å forenkla diskusjonen. Altso: Er
hovudproblemet med "dei nye kapitalistane" at dei er udemokratiske, eller at
dei er anonyme og uhandterlege? Den diagnosen må vi stilla før vi kjem med
reformframlegg.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST