KK-forum i 1997

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 17-05-02


Anders Ekeland melder seg på i ein debatt som no har to tydelege trådar: Den
eine er KK-forum i dag og frametter, den hine er KK-forum si rolle i 1997.

Eg veit ikkje om det er noko poeng å gå djupt i ein diskusjon om kva som
skjedde i 1997, og har ikkje tenkt å sjølv bruka tid til å gå tilbake i
gamle papir for å rekonstruera hendingsforløp. Utgangspunktet var at Trond
Andresen hevda at KK-forum spela ei svært viktig rolle i det som endte opp i
eit redaktørskifte. Er usamd med mykje av det som blir sagt i slike
ordskifte - difor markerer eg ein posisjon, utan at eg trur eg kjem til å
følgja opp i ein diskusjon om kva som "eigentleg" skjedde i |997.

Utgangspunktet mitt er at eg i 1996 var i ferd med å seia takk for meg.
Livet er kort, og ein skal prioritera kva ein vel å bruka tid, og viktigare:
Engasjement, på. Eg var ein av mange i den store flokken av frustrerte, som
vaks og vaks under det sitjande regimet den gongen. Eit år eller to til på
same viset, og eg ville vendt avisa ryggen.

Eg meinte den gongen - og meiner framleis - at dette var ein kamp om
strategi, der det sitjande regimet i Klassekampen brukte følgjande enkle
triks: Dei rekna med at alle utanfor AKP var samde om at AKP berre hadde dei
slettaste hensikter, at redaksjonen i KK i tilfelle konflikt ville ha
monopol på sanninga om kva som "eigentleg" skjedde - både gjennom "eigen"
nyhendedekning, og gjennom kontrollen med kva andre media ville seia. Dei
meinte difor dei kunne lyga så mykje dei ville, og rekna med å verta trudd.
Formelt var den einaste vegen for å gripa inn i dette regimet på å bruka
eigarskapet - Ekeland kan snakka så mykje han vil om å løysa konflikter
gjennom "kameratsleg diskusjon", men dette vart diskusjonar der den eine
parten kunne lukka øyrene når han ville. Då må det formelle grep til - i
praksis må ein skifta kostar.

Frå generalforsamlinga sumaren 1997 vart det lagt opp ein prosess for å
kopla saman journalistisk utvikling og diskusjon om eigarskap. Denne
prosessen vart sabotert frå redaktøren. Neste fase var forsøket på å gjera
styret tannlaust gjennom å tvinga fram ei "tillitserklæring" til ein
redaktør som hovudeigar (og alle andre) visste brukte all si kraft og evne
til å motarbeida den eigaren han var tilsett av. Og motsett det mange
(inkludert meg) trudde, valde hovudeigar ikkje å bøyga seg for dette. Takk
og pris. Resten er, som det heiter, historie.

Og difor tingar eg framleis på avisa, og freistar gjeva mitt vesle bidrag
til henne. Eg meiner AKP i tida etter redaktørskiftet i praksis har prova at
det meste som vart sagt om "AKPs hensikter" var løgn. Og eg er særs nøgd med
at vi no byrjar få ein situasjon der vi har eit selskap der makta ligg i
generalforsamlinga, og der fleire eigargrupper kjem inn gjennom aksjelaga.
Vi får ein formalisert maktstruktur som det er mogleg å forhalda seg til.
For eg trur grunnen til smellen vart så ille den gongen var at det ikkje
fanst formaliserte strukturar kring maktkampen - og at han difor måtte bli
som han vart.

I den stoda som var spela KK-forum ei uvurderleg rolle. For første gong
kunne ikkje redaksjonen i Klassekampen fungera som sanningsministerium
andsynes heile resten av verda. Dei fleste trudde rett nok at det heile
dreidde seg om at AKP tenkte innføra kommunistisk tankekontroll i
redaksjonen. Men mange skjøna at det kunne vera andre motiv, og KK-forum
fungerte som eit svært effetivt korrektiv. I tillegg var Trond Andresen og
ein del andre som knapt kan kallast AKP-vener politisk vaksne nok til å sjå
kva som skjedde. Og takk for det! Utan innsatsen til han og fleire, ville
bergingsoperasjonen ikkje gått - AKP var for veik åleine.

Men tapte ikkje avisa mykje på konflikten? Sjølvsagt. Avdi det til sjuande
og sist var det kortet redaktør og etterkvart ein konsolidert redaksjon
satsa på: Deira viktigaste maktmiddel var at dei var viljuge til å
øydeleggja avisa framfor å gje frå seg kontrollen til andre. Dei prøvde så
godt dei kunne. Den kollektive sjukemeldinga dagen etter redaktørskiftet er
etter mi meining ein av dei simplaste politiske aksjonane eg har sett. Dei i
den gamle redaksjonen som var djupt usamde i redaktørskiftet, og som valde å
seia opp - men som likevel arbeidde lojalt ut oppseiingstida - meiner eg er
folk som er heiderlege langt ut over det som er vanleg. Det er folk eg vil
tenkja meg godt om før eg seier noko ufordelaktig om. Og eg er lei for at
dei ikkje arbeider i KK i dag.

Hans Olav Brendberg, Hitra



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST