Brox på fisketur

From: brendberg (brendberg@c2i.net)
Date: 07-05-02


1. Til Mustafa Hussain:

Ja - neger er rasistisk, og eg brukte ordet medvite. Eg må berre orsaka at
eg ikkje gjorde det tydelegare ved å skriva: "Spela på folk sine fordomar
mot pakkisar, og redsle for at ein neger skal stikka av med kjærasten".

Poenget mitt er: Utanom våre interne diskusjonslister er ein neger framleis
ein neger, og ein pakkis framleis ein pakkis - rasismen er ikkje som mange
trur eit problem først og fremst knytt til haldingar og ideologi, men til
struktur. Og denne strukturen reproduserer haldningane mellom folk. Og det
liberale venstre er fornøgd så lenge dei slepp å sjå djevelskapen. Ekstreme
utslag av dette vil du sjå i USA, der du vil få eit ramaskrik om du
framstillar ein afroamerikanar som ein valdeleg skurk i ein familieserie -
medan ein stort sett ikkje er uroa av at dei sosiale tilhøva er slik at ein
særs stor del av unge afroamerikanarar bur i ghettoar prega av narkobruk og
småkriminalitet, om dei ikkje sit i fengsel. Reaksjonen mot nyhøgre er ein
liberal, moralistisk reaksjon som dyrkar eigne haldningar framfor å gå laus
på problema. Så lenge problema finst, nyttar det ikkje at det ser bra ut i
familieseriane, so lenge du kan føra valkamp for å vera "tough on crime".

2. Til Erling Fossen:

Det Castells seier står ikkje i motsetnad til at du har ein global trend med
aukande skilnader i land som USA, og mellom sentrum og periferi i
verdssystemet. Det er heilt opplagt slik at kompetanseoppbyggjing føreset at
folk oppsøkjer dei stadene der kunnskapen finst - slik USA henta ekspertise
frå kinesisk stålproduksjon på midten av 1800-talet. Men kompetanse åleine
gjev ingen velstand. Makt over marknader - inkludert kapital- og
arbeidsmarknaden - gjev velstand. I landet folk reiser frå kan migrasjon
bidra både til stagnasjon, og til vekst. Vanlegvis vil slik migrasjon verka
konserverande, særleg i samfunn med stor jordbrukssektor.

Dei sentrale argumenta mot migrasjon kommenterer du framleis ikkje:

1. At det finst ulike interesser i samfunnet knytt til om ein skal ha
rikeleg eller knapp tilgang til arbeidskraft. Den sentrale påstanden er at
det er dei sosialt mest utsette (inkludert "innvandrarar") som har
interessene sine knytt til knapp tilgang til arbeidskraft.

2. At innvandring skapar ein politisk dynamikk som gjer at middelklassane
flyktar bort frå dei universelle velferdsordningane ("folketrygden") til
fordel for individuelle og private løysingar.

Og eg vil hevda at at dei som går bakover i ordskiftet vil sjå at du i
staden for å argumentera mot dette freistar mistenkeleggjera motiv og
haldningar.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST