Re: Hovedmotsetningen

From: oddm@ifrance.com
Date: 07-05-02


Mar 7 mai 2002 07:56:00 +0200
jonivar skullerud <jonivar@bigfoot.com> a écrit:

> Dette gjør det helt klart, for meg i det minste, at hovedmotsetningen
> går mellom de som anser mord som en legitim taktikk -- morderne og
> deres apologeter -- og resten.

Eg vil ikkje vera fullt så bombastisk, for det kjem an på situasjonen.
Eg er t.d. samd med Trond når han viser til Palestina. Sjølvforsvar i
situasjonar med okkupasjon eller ekstrem undertrykkjing kan ikkje sjåast
på som "mord", enda resultatet er døden.
 
Nederland er definitivt ikkje i den same situasjonen, men kan fort hamne
der. For tida er likevel den mest effektive måten å slost mot fascisme,
rasisme og totalitarisme på, MASSEMOBILISERING - slik me såg det i
Frankrike nyleg. Ein myrda Le Pen ville ha blitt ein martyr, og eit
slikt mord ville såleis ha vore ei kontraproduktiv handling.

Men ein Le Pen i Elysée-palasset, og ein fascistisk fransk stat ville
vera noko heilt anna. Militær og sivil motstandskamp ville vera den
einaste farbare vegen. Difor kan ein ikkje setje opp absolutte reglar
for dette.

> Drapet på Pim Fortuyn var et attentat mot demokratiet og mot
> siviliserte omgangsformer. De som sto bak det står for en
> brutalisering som er enda et klart hakk verre enn den Fortuyn selv sto
> for.

Det er om lag av same slaget, og like uakseptabelt. Som eg skreiv i ei
tidlegare melding, fekk "rottweileren frå Rotterdam" smake på ei
ramboløysing som han sjølv forfekta. Han var ein politisk cowboy av
verste type. Om mordet på han er eit hakk verre eller betre enn han
sjølv, interesserer meg ikkje så mykje. Slike debattar overlet eg til
tabloidavisene. Det som er sikkert, er at eg ikkje vil felle tårer over
Fortuyn. Det er slike demagogar som er med på å skape brutale
samfunnsforhold, og boomerangar kjem som tidlegare sagt, fatalt attende.

Problemet for meg er at den høgreekstreme rørsla no har fått ein martyr.
Det er særleg ille at det skjer i Nederland, fordi det der ikkje var
skapt noko masserørsle mot fascismen og rasismen som i Frankrike. No
risikerer ein å koma i ein paradoksal situasjon der ein kanskje vil sjå
demonstrasjonar mot mordet på Fortuyn som forsvar for demokratiet! Dette
er verda snudd opp ned på eit vis, og det er også difor dette mordet
ikkje på nokon måte kan forsvarast.

Den beste måten å kjempe mot desse brune elementa på, er å samanlikne
dei med sjølve symbolet i Europa i dag, Le Pen, og dokumentere det punkt
for punkt. Dette gjeld også for Noreg, dvs. i høve til Hagen. Alle desse
fascistspirene freistar med nebb og klør å unngå denne samanlikninga,
men dette er berre spel for galleriet - for å bli "stuerene" som det
heiter.

> Vi må ha null toleranse for morderne og mordapologetene.
> Vi må ha null samarbeid med mordere og mordapologeter.

Eg nøyer meg med å ha null toleranse for fascistar, rasistar, okkupantar
og undertrykkjarar. Spørsmål om toleranse i høve til mordarar kjem i
andre rekkje, ettersom det framfor alt er eit strafferettsleg og ikkje
eit politisk spørsmål.

Det er mogleg eg vil bli stempla som "mordapologet", enda eg ikkje er
det i høve til mordet på Fortuyn.

Sjølv om eg er motstandar av politiske mord i Europa i dag, vil eg
likevel ikkje delta i noka form for "tverrpolitisk demonstrasjon" mot
dette mordet, heller ikkje mot eit evt. mord på Le Pen. Rett og slett
fordi eg ikkje ser at

> Dette er hovedmotsetningen.

Av tilsvarande grunnar deltok eg heller ikkje i hylekoret etter
hendingane 11. september i fjor. Det viktigare enn på lenge å ikkje
gløyme ståstaden.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST