Re: Brox på fisketur

From: oddm@ifrance.com
Date: 07-05-02


Eg har prøvd å få dette av garde fleire gonger, men det kjem ikkje
gjennom av ein eller annan grunn:

Mar 7 mai 2002 15:28:11 +0200
"brendberg" <brendberg@c2i.net> a écrit:

> 1. Til Mustafa Hussain:
>
> Ja - neger er rasistisk, og eg brukte ordet medvite. Eg må berre
> orsaka at eg ikkje gjorde det tydelegare ved å skriva: "Spela på folk
> sine fordomar mot pakkisar, og redsle for at ein neger skal stikka av
> med kjærasten".
>
> Poenget mitt er: Utanom våre interne diskusjonslister er ein neger
> framleis ein neger, og ein pakkis framleis ein pakkis - rasismen er
> ikkje som mange trur eit problem først og fremst knytt til haldingar
> og ideologi, men til struktur. Og denne strukturen reproduserer
> haldningane mellom folk. Og det liberale venstre er fornøgd så lenge
> dei slepp å sjå djevelskapen.

Kvifor bruka slike ord og uttrykk i det heile teke? Eg forstår ikkje kva
du vil fram til her. Du kjem med fleire postulat, og let som om du
argumenterer. Problemet er at du ikkje har nokon dokumentasjon for
påstandane dine. Det verkar som om nyttar metoden til Brox: om ein tek
opp att dei same løgnene og kortslutningane ofte nok, står dei til slutt
fram som oppleste og vedtekne "sanningar".
 
> Reaksjonen mot nyhøgre er ein liberal, moralistisk reaksjon som dyrkar
> eigne haldningar framfor å gå laus på problema.

Det du kallar moralismen mot "nyhøgre" (eg går ut frå at det er ein
annan variant av "høgrepopulismen" eller noko anna "ufarleg"), men som i
røyndomen er kampen mot fascismen og rasismen, har lange tradisjonar på
venstresida. Var det 1,6 millionar moralistar som gjekk i gatene i
Frankrike 1. mai?

> 2. Til Erling Fossen:

> 1. At det finst ulike interesser i samfunnet knytt til om ein skal ha
> rikeleg eller knapp tilgang til arbeidskraft. Den sentrale påstanden
> er at det er dei sosialt mest utsette (inkludert "innvandrarar") som
> har interessene sine knytt til knapp tilgang til arbeidskraft.

Det er godt du seier det er ein påstand, for det er ikkje noko anna!
Dette har blitt teke opp att fleire gonger, men eg har ikkje sett
dokumentasjon på det til no.
 
> 2. At innvandring skapar ein politisk dynamikk som gjer at
> middelklassane flyktar bort frå dei universelle velferdsordningane
> ("folketrygden") til fordel for individuelle og private løysingar.

Dette svarar Mustafa Hussain svært godt på. Eg er samd i det han seier,
og kommenterer ikkje denne påstanden.
 
> Og eg vil hevda at at dei som går bakover i ordskiftet vil sjå at du i
> staden for å argumentera mot dette freistar mistenkeleggjera motiv og
> haldningar.

Men er det ikkje gode grunnar til det etter kvart? (Eg tenkjer ikkje
berre på deg, Brendberg - jf. den siste meldinga di). Eg kjem attende
til dette i ei seinare melding.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST