Om asyl- og innvandringspolitikk

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: 29-04-02


I ein kommentar til Erling Fossen og hans fordøming av Ottar Brox skreiv eg
at Norge slepper inn folk som har dårlege grunnar for å kome og avviser folk
som har gode grunnar. Oddmund Garvik spør: ”Kva er dette for ein slags
diskurs? Kven har rett til å døme i desse spørsmåla, og korleis skal ein
evaluere gode og dårlege grunnar? Er det i det heile teke ei oppgåve for
radikale menneske å gi seg i kast med slike vurderingar? Skal ein godta alle
slags premissar?”

La oss sjå på nokre asyl- eller arbeidsinnvandringssøkjarar til Norge. Det
følgjande er tenkte døme og meint berre å illustrere korleis det foregår:

Lith er utdanna spesialsjukepleiar frå Filippinane. Ein norsk
sjukehusdirektør kjempar mot lønnskrav frå norske sjukepleiarar. Difor
kontaktar han eit formidlingsbyrå, som hentar inn Lith. For Filippinane
inneber det at dei har kosta utdanning på ein sjukepleiar dei ikkje får
nytte. For den norske staten blir ho, med norsk minsteløn, reisedekning,
norskkurs, tilleggsutdanning og ein raus provisjon til formidlingsbyrået,
vesentleg dyrare enn norske sjukepleiarar. Når direktørane likevel går inn
på ei slik ordning, er det i ord for å kjempe mot sjukepleiarmangelen og i
realiteten for å halde lønnsnivået i helsesektoren i Norge nede.

Oleg frå Ukraina har ei mor som fekk seinskadar etter Tsjernobyl og difor må
ha kostbare medisinar. Med den usikre lønnsbetalinga i ukranisk
metallindustri har han ikkje råd til å hjelpe henne. Han skrapar difor saman
slantane, dreg til Norge og vil ha arbeid for å sende pengar attende. UDI
sender han tvert attende. Grunngivinga held ikkje. Hadde han hatt gode
kontaktar og erfaring med meiningsdanning, hadde han sikkert fått sympati i
Norge og kanskje opphald på humanitært grunnlag. Men han seier det som det
er i politiavhøyra og asylsøknader i naiv tru til at han har kome til eit
land med hjartelag.

Muhammed frå Tyrkia er liberalar, litegrann opposisjonell og veit han ville
tene meir i Norge. Han har vore informasjonskonsulent og kan påverke
meiningar. Han er difor i stand til å framstille seg som forfølgd, knyte
kontaktar og få sympatierklæringar, demonstrasjonar og KK-artiklar i Norge,
slik at styresmaktene ikkje sender han ut att.

Josva frå eit land eg ikkje vil namngi er narkosmuglar. Den kriminelle
banden av innvandrarar frå landet i Norge vil ha han på laget. Med gode
kontaktar og dollar gir dei han ein falsk identitet, slik at han kjem som
forfølgt asylsøkjar frå eit folk i krig og får asyl.

Doina frå same landet flyktar fordi ho har vorte mishandla i ekteskapet. Det
har ho naturleg nok ikkje papir og dokumentasjon på, og ho blir sendt rett
ut.

Grethe frå Polen har vore statstilsett byråkrat som i lang tid har kjempa
mot korrupsjon i heimlandet. Ho får høyre at polskrussisk mafia vil kvitte
seg med henne og finn ikkje anna råd enn å flykte. UDI trur for så vidt på
historia, men skal dei gi henne opphaldsløyve, seier dei samtidig indirekte
at polske styresmakter ikkje er i stand til å takle eigen kriminalitet.
Difor avviser dei historia og sender ho på flyet attende.

Nikol frå Tsjekkia kjem tre månader på turistvisum kvar sommar. Då jobbar
han hos ein målarmeister for 70 kroner timen svart. Nikol vil gjerne jobbe
14 timars dag for å tene mykje. Arbeidsgivaren tek oppdraga på anbod. Fordi
Nikol ikkje kan norske reglar og norsk og ikkje er i eit norsk arbeidsmiljø,
måler han treetasjes hus frå stige og korkje lift eller stillas. Om noko
skulle gå gale, veit nok arbeidsgivaren korleis han skal fråskrive seg
ansvar.

Slik er det altså. Vi kan sjølvsagt, som Garvik antydar, seie på Jesu vis:
Den som er utan synd, kan kaste den første steinen. Då held vi våre stigar
reine. Vi kan også seie at vi er for opne grenser og ein globalt fri
arbeidsmarknad. Det er eit prinsipielt standpunkt. Ein held også då stigen
rein, iallfall om ein samtidig arbeider for globalt like forhold. Men det er
politisk urealistisk. Det er også tunge økologiske og sosiale argument mot.
Resultatet ville i arbeidsløysetider bli ein hær av unge, friske, uthaldande
mobilarbeidarar. Arbeidshæren vil ikkje bli integrert i arbeidsmiljø og
samfunn. Det nettet som blir bygt i dei fleste samfunn med at den
arbeidsføre befolkninga også sikrar verdiar som gir opp opplæring,
sjukestell, eldreomsorg og alt slikt, vil bli skadelidande.

Hovudpolitikken til den såkalla venstresida i Norge er å slakke på krava til
asyl og arbeidsinnvandring. Vi må bli snillare, noko meir humane, noko
opnare, seier politikarane. Det er ein behageleg og uproblematisk politikk.
Då slepp denne såkalla venstresida å bli stilt til ansvar og å godta
avvising av folk som kanskje har grunnar.

Så kan humanistane i media- og politikarmiljø etterpå sitje og klage over at
norske drosjesjåførar og industriarbeidarar er rasistar, ikkje tåler eller
er redde for folk med anna hudfarge, tviheld på eigne arbeidsplassar og
stemmer Frp. Dei kan også prate velmeint og humant og moderne om at norske
lokalsamfunn treng impulsar utanfrå og at folk med framand hudfarge difor er
til nytte for oss. I og for seg rett, eg meiner ikkje anna, men når somme
pratar mykje om det og ikkje lyfter eit augnebryn når kommunalministeren
seier at dei plasserer asylsøkjarar i telt fordi det skal virke avskrekkande
på andre, då er nokså mykje skeivt.

La meg ta eit lokalt døme på korleis folk utanfor humanistmiljøa reagerer.
Eg bur i ei vanleg, grå norsk bygd. 15 år attende var det i ein periode
asylmottak her. Folketalet auka med 50 %, elevtalet på skolen like eins.
Skolen vart for trong, kommunen gjorde lite for å skaffe ekstraressursar,
belastninga på lærarar, elevar og foreldre auka, elva gjekk stinn av kloakk
fordi hotellet der mottaket kom ikkje hadde ordna reinseanlegg etc. Kva så?
Folk stilte opp, godtok problema, gjorde det beste ut av det, tok seg av dei
nye ungane, delte, tilbaud arbeid så langt det let seg gjere etc. Ikkje
alle, men fleirtalet og endåtil somme Frp-medlemmer. Røynslene frå
dugnadsarbeid, frå organisasjonsarbeid, frå misjonsarbeid og mykje slikt
seier at ein så langt råd skal hjelpe folk som treng hjelp.

Etter kvart endra holdningane seg noko. For folk opplevde ei for dei fleste
uforståeleg siling. Dei med behov for å vere og interesse for å arbeide i og
å ta omsyn til lokalsamfunnet, vart borte. Dei med gull i tennene og
diamantsmykke og ovanfrå og ned- holdningar fekk vere.

Kvifor skrive alt dette? Poenga mine er to:

For det første at når ein seleksjon av innvandrarar går føre seg i vårt land
og alle land med innvandring, må vi ta stilling til korleis denne
seleksjonen skal skje. Det er ubehageleg og kan føre til mistak i konkrete
situasjonar, men det er nødvendig.

For det andre at hovudomsynet vårt i denne seleksjonspolitikken må vere
solidaritet. I denne mest skakkøyrde av alle verder må småkårsfolk ubunde av
landegrenser hjelpe småkårsfolk som treng hjelp. Hovudsaka er altså ikkje at
Norge treng arbeidskraft og heller ikkje at konservative nordkvinner
og –menn treng impulsar utanfrå, men at folk skal hjelpe kvarandre. Det er
det vi bør stille til dømes Carl I. Hagen og Erna Solberg og UDI (forkorting
for Utilgjengelegheitsdirektoratet, eg har brukt ein del timar på å ringje
dit og veit dei fortener namnet) overfor: Vi vil ha ein innvandringspolikk
som er til gagn for folk som treng hjelp. Vil de eller vil de ikkje vere med
på det?

Så må vi diskutere korleis. Korleis utvikle reglar som sannsynleggjer at vi
slepper inn Oleg som treng medisinpengar til mora, Doina som flyktar frå
mishandling i ekteskapet og korrupsjonsjegeren Grethe og avviser
narkosmuglaren Josva. Det er langt ifrå enkelt. Innspela frå Ottar Brox om å
utvide grunnlaget for asyl og opphald på humanitært grunnlag og seie stopp
for rein arbeidsinnvandring er ikkje heile svaret, men det er kanskje eit
steg framover. For Brox går konkret inn i dei vanskelege problema. Når
Oddmund Garvik seier på dette forumet at han ikkje vil diskutere med Brox
fordi han har slike synsmåtar og Erling Fossen bruker både plass her og i
Klassekampen for å kunngjere at han føler privat ubehag (håret reiste seg og
hjartet hoppa over fleire slag) ved Brox og såleis autoriserer seg sjølv til
smaksdommar for lesarane, då stiller desse to seg i vegen for den debatten
som kan gi ein meir fornuftig innvandringspolitikk og difor også stoppe
framgang for rasisme i Norge.

Det skal bli moro å sjå om dei to herrane etter dette innlegget også
plasserer meg i den gruppa dei er for reine i hjartet til å diskutere med.
Viss dei kjem til at eg er ein akseptabel diskusjonspartnar og Brox ikkje er
det, bør dei anten revurdere sitt syn på Brox eller gjere greie for dei
prinsipielle skilnadene mellom Brox og meg i dette spørsmålet.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST