Lepenisering (var: Re: Postmoralisme)

From: oddm@ifrance.com
Date: 28-04-02


Jeu 25 avr 2002 19:46:03 +0200
"Olav Randen" <boksmia@online.no> a écrit:

> Ut frå denne grunnholdninga er også det siste innlegget, mot Ottar
> Brox, som ein kunne vente. Brox argumenterer, slik han har gjort ofte
> før, logisk og konsekvent for restriksjonar på arbeidsinnvandring.
> Dette kan og bør vi diskutere, for det er få politiske område der
> venstresida mislykkast så totalt både når det gjeld å skape holdningar
> og å få til resultat som når det gjeld innvandring.

Eg er ikkje så sikker på dette, Olav. Eg trur ein må freista å gripa
fatt i andre enden. Det "venstresida" først av alt har mislykkast i, er
å stigmatisere og kjempe mot haldningar som alt eksisterer - i
fagrørsla, i lokalsamfunn og i alle slags folkelege organisasjonar. Det
har ikkje mangla på antirasisme og antifascisme, men samstundes har
kompromissviljen og likeløysa stått i vegen for eit kontinuerleg og
konsekvent oppgjer med slike idéar. Slik har ein på ein måte vore med på
å banalisere og legitimisere framandfrykt og andre fascistoide haldingar.
Då er det noko i seinaste laget å "skape holdningar og å få til
resultat". Kva vil det forresten seia "å få til resultat når det gjeld
innvandring"?

>Norge slepper inn dei som har dårlege grunnar for å kome og avviser dei
>som har gode grunnar.

Kva er dette for ein slags diskurs? Kven har rett til å døme i desse
spørsmåla, og korleis skal ein evaluere gode og dårlege grunnar?
Er det i det heile teke ei oppgåve for radikale menneske å gi seg i kast
med slike vurderingar? Skal ein godta alle slags premissar?
Eg steila då eg las kronikken til Ottar Brox, ikkje fordi eg er mot
debatt, men fordi eg har lese historie, og fordi historia har ein
tendens til å gjenta seg. Det byrjar i det små, så kjem raset, og så er
det for seint...

>Og samtidig blir nordmenn og andre vesteuropearar, både toppar og
>vanlege folk, mindre og mindre innvandringsvenlege. Det siste utslaget
>for statsrasismen er at asylsøkjarar bur i telt i Lier og at
>kommunalminister Erna Solberg seier at ho vil ha det slik for at det
>skal virke avskrekkande.
>
> Når ein politikk mislykkast så totalt som dette viser, er det all
> grunn til å tenkje gjennom eigne haldningar både ein og fem gonger. I
> det høyrer innspela og vurderingane frå Brox med, om vi andre kjem til
> same eller annan konklusjon.

Eg er ikkje samd i det. Eg vil ikkje debattere med ambivalente
debattantar som Brox. Eg ser heller inga meining i å debattere med
fagforeiningsleiarar som stiller opp på landsmøtet til eit høgreekstremt
parti, same kva påskotet måtte vera:
http://www.bt.no/multimedia/archive/00062/Valla_og_Hagen_62600a.jpg
Slikt tek ein avstand frå. Mykje av det eg har høyrt i den norske
innvandringsdebatten i det siste, får meg til å hoppe i stolen. Alt
dette er aspekt av det ein kan kalle lepeniseringa av sinna (eller
carlureininga av hovuda).

Debatt for debatten si eiga skuld er bortkasta tid. Det er stunder i
historia då det minste kompromiss blir lagnadstungt. Dette ser me no
grelle utslag av her i Frankrike...

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST