Postmoralisme

From: Olav Randen (boksmia@online.no)
Date: 25-04-02


For meg var Erling Fossen eit så å seie nytt bekjentskap då han dukka opp på
dette forumet. No har eg prøvt å setje meg inn i korleis han tenkjer. For
meg framstår han først og fremst som moralist.

Han har eit credo, at folk må sjå lyst på livet og framtida. Det er for han
ei radikal grunntenking. Når folk berre er optimistar, vil dei slutte opp om
radikalt arbeid.

Han har eit problem, at ikkje alle er som han og ikkje ser lyst på livet og
framtida for denne kloden. Det må forandrast, for ”radikale skal per
definisjon være kulturoptimister”. ”Pessimismen holder du for deg selv. Den
hjelper ikke.” er den strenge peikefingeren han gir Karsten Johansen.

Han gjer det fordi han vil folk vel: ”Jeg vil ikke hogge hodet av deg, bare
gjøre deg lykkelig.”

For å realisere denne tenkinga gjeld det å framstille dei lyse trådane i
tilveret og sjå bort frå dei mørke. Ut frå ei slik tenking er det logisk at
han skriv etter eit sitat som blir tillagt Ariel Sharon: ”Du skal aldri
ødelegge en god historie”. Det er også i samsvar med credoet at han gjer
eigne holdningar til bevis: ”jeg anser dagens matsituasjon/befolkningsvekst
som bedre enn på svært lang tid. Altså et bevis for at verden på et viktig
område går framover”.

Slik blir Fossens antakelse i neste setning gjort om til BEVISET.

Ut frå denne grunnholdninga er også det siste innlegget, mot Ottar Brox, som
ein kunne vente. Brox argumenterer, slik han har gjort ofte før, logisk og
konsekvent for restriksjonar på arbeidsinnvandring. Dette kan og bør vi
diskutere, for det er få politiske område der venstresida mislykkast så
totalt både når det gjeld å skape holdningar og å få til resultat som når
det gjeld innvandring. Norge slepper inn dei som har dårlege grunnar for å
kome og avviser dei som har gode grunnar. Baltikum og Filippinane utdannar
sjukepleiarar for oss. Vi held oss med eit underproletariat av utlendingar,
har polakk som Trond Kirkvaag seier. Og samtidig blir nordmenn og andre
vesteuropearar, både toppar og vanlege folk, mindre og mindre
innvandringsvenlege. Det siste utslaget for statsrasismen er at asylsøkjarar
bur i telt i Lier og at kommunalminister Erna Solberg seier at ho vil ha det
slik for at det skal virke avskrekkande.

Når ein politikk mislykkast så totalt som dette viser, er det all grunn til
å tenkje gjennom eigne haldningar både ein og fem gonger. I det høyrer
innspela og vurderingane frå Brox med, om vi andre kjem til same eller annan
konklusjon.

Men Fossen møter ikkje Brox med argument og analyse. Han møter med moralsk
peikefinger og private emosjonar: Fossens hjarte hoppa over fleire slag.
Brox vil ikkje arbeidarane godt. Det kviler noko guffent over han. Dette
private ubehaget er det han finn grunn til å melde Klassekampens og
Klassekampen-Forums lesarar. Formålet kan neppe vere anna enn å prøve å
avskjere frå debatt, på same vis som han avviste den analytiske debattanten
Karsten Johansen med at negativ omtale av det imperialistiske paradiset vi
deler, står i vegen for solidarisk tenking.

Kan vi ikkje, Erling Fossen, prøve å dempe eigne emosjonar og i staden bruke
analyse og argument for å finne ut korleis verda er og kva vi ut frå det bør
gjere for at ho skal bli betre? Det er det Karsten Johansen legg opp til på
KK-forum og Ottar Brox i Klassekampen.



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST