Re: KKs dekning av det franske valget

From: oddm@ifrance.com
Date: 28-04-02


Mar 23 avr 2002 08:24:47 +0200
Anders Ekeland <anders.ekeland@online.no> a écrit:
 
> Usynliggjør venstresidens framgang - legger ensidig vekt på Le Pens
> framgang - som var veldig beskjeden. Le Pen fikk 14,5 sist - så dette
> er ikke noen høyrebølge - spesielt ikke tatt i betraktning at folk var
> gørr lei av Chirac og Jospin.

Eg er samd i at "venstresidas dagsavis" bør skrive om framgangen til
venstrekreftene i Frankrike, men dette er jo redaksjonssjefen samd i
også, så det er ikkje noko å diskutere. Same kva Anders og andre seier,
kjem denne framgangen diverre i skuggjen av framgangen til ytre
høgre. Høgrebølgja er eit faktum, og det går ikkje an å bortforklåre
dette med at "folk var gørr lei" osb? Det er symboleffekten av Le Pen
sitt kandidatur ved 2. valomgang som er det mest slåande resultatet
av presidentvalet førre søndag. Det faktum at ein nynazist no er ein av
kandidatane i eit av dei store europeiske landa.

Same kva Anders seier, har ytre høgre har hatt jamn framgang dei siste
åra. Splittinga tvang FN inn i ein periode med ørkenvandring, men dei er
no attende med til saman 19,26% på landsbasis. Dei tre
trotskistkandidatane fekk 10,46 %. PCF berre 3,4 %...

Det spela kanskje ei rolle at to, ein tanke meir moderate
"høgrepopulistar", Pasqua og de Villiers, ikkje stilte til val denne
gongen (Pasqua fekk ikkje nok underskrifter), men det er ingen tvil om
at den høgreekstreme rørsla og høgreekstreme tankar i Europa
(inkl. Noreg) har vind i segla - det som her blir kalla "lepenisation
des esprits" (lepenisering av sinna). Sjå på innvandringsdebatten i
Danmark, og på debatten om "arbeidsinnvandring" i Noreg.

Dess før dette går opp for folk, dess betre er det!

Problemet med Klassekampen si dekkjing av den politiske kampen på
kontinentet er dels påverknaden frå NTB, dels ein (sjølvpålagt?) avstand
og overflatisk kjennskap til sakene, dels tvangstankar om skiljeliner
og konstellasjonar som kan identifiserast i Noreg (jf. EU-spørsmålet).
Og så kan ein vel hengje litt av problema på den knaggen som heiter
ressursvanskar.

> Dermed sitter en igjen med et altfor ensidig inntrykk av at
> høyrebølgen velter inn over oss - uten at det finnes motkrefter - når
> motkreftene virkelig hever seg til noe - over 10% for ytterste
> venstre. Og på ytterste venstre går den patente sekten LO moderat
> fram, Arlette fikk 5% sist også - og hun går "tilbake" i forhold til
> meningsmålingene.

Det er ingen tvil om at høgrebølgja veltar inn over oss! Sjølv det
tradisjonelt sosialdemokratiske Noreg er herja av dette. Det at det
finst motkrefter, endrar ikkje så mykje førebels. Her i Frankrike er det
ikkje vanskeleg å få auge på dei - mellom 100.000 og 300.000
demonstrerer i gatene kvar dag no - 330.000 torsdag og 200.000 att i
går ettermiddag.

Det som skjedde førre søndag, har utan tvil konsolidert tanken om ei
meir samla venstreside, men dette har ingenting med framgangen til tre
trotskistkandidatar å gjera. Fleirtalet av dei som stemte ytre venstre
(inkl. underteikna) er då heller ikkje trotskistar, ikkje ein gong
(nødvendigvis) "ytre venstre".

> Det ekstraordinære er at den kandidaten som ligger nærmest RV og
> venstreside-SV, Olivier Besancenot fra LCR (FIs seksjon) - totalt
> ukjent- var nesten ikke synlig på meningsmålingene helt til noen få
> uker før valget - fikk 4,3% - bare 1,5 bak den meget omtalte og
> kjentet (fullt fortjent sjølsagt!) Arlette Laguier fra LO. Og LCR -
> det er nettopp massebevegelsen, det er ATTAC!

Nei, Ekeland, LCR er ikkje Attac! Det var først når Attac verkeleg
blei ei masserørsle at nokre LCR-folk byrja å delta. Attac er elles
berre ein del av denne motstandsrørsla av svært heterogene
grupper og organisasjonar.

> Når Bjørgulv Brannen skriver at "Men det hjalp ikke så lenge stemmene
> fordelte seg over flere kandidater, ikke minst flere trotskist
> kandidater" - så er dette en helt feil analyse. For hvem skal ellers
> utgjøre et alternativ til Jospin om ikke Frankrikes svar på
> RV+venstre-SV? Det er jo PCF og de grønne som *fatalt* splitter opp
> regjeringsblokka. Men også de er helt døde hvis de ikke markerer
> sjølstendighet vis a vis Jospin - de har allerede tapt enormt på sin
> deltakelse i regjeringa.

Det er ingen tvil om at multipliseringa av kandidatar som fiska i vatnet
til venstrevelgjarane - frå ytre venstre til sentrumvenstre - gjorde
jobben lettare for høgresida (inkl. ytre høgre). Det var berre rundt
194 000 stemmer som mangla for at Jospin kunne ta plassen til Le
Pen.

Om det du kallar "Frankrikes svar på RV+venstre-SV" representerer noko
alternativ til PS (Jospin seier han er ferdig med politikken) kan i
høgste grad diskuterast. Den nye venstresida må sjølvsagt vera langt
breiare og langt meir omfattande for i det heile teke å spela noka
rolle, for i det heile teke å vera noko alternativ.

> Asbjørn Wahls analyse lider av den samme svakheten. Han etterlyser et
> "politisk uttrykk" for massebevegelsen - men det *er* LO og LCR.
> "Politiske uttrykk" er ikke skapt over natta - det trenges et
> vedvarende slitsomt partibyggingsarbeid for å få til det. Det må skje
> gjennom en"regruppering" som AW sier.

Nok ein gong, Anders: dette med at LO og LCR (og PT?) skulle vera sjølve
essensen i den utanomparlamentariske venstresida, er noko evindeleg
vrøvl, som du bør legge på hylla så snart som råd! Det finst folk
(hovudsakeleg frå LCR) som DELTAR i denne masserørsla, men
organisatorisk er desse trotskistiske sektene heilt på sidelinja. Det er
nettopp sekterismen som er problemet deira, og som førte til at tre
kandidatar (Laguiller, Besancenot og Gluckstein) konkurrerte.
10,46 % samanlagt blir eit tomt tal i dette perspektivet.

> Nettopp derfor er det meget gledelig at LCR - som i årevis har jobbet
> for å samle venstrekreftene - som har gitt mye i forhandlinger med LO
> for å skape et alternativ til venstre for venstreregjeringa - men som
> fikk døra slengt i trynet at LO (som trodde at de ikke trengte LCR
> etter suksessen i EU-parlamentsvalgkampen) - gjorde det så godt på
> egen hånd! Det skyldes ene og alene deres 'implantation' i
> massebevegelsene,"sans-papier", "precarite", "feminisme" (hvor LO er
> fullstendig på sekterisk bærtur) og "anti-globalisation" (hvor LO også
> er på bærtur-stemte mot forslag om Tobin skatt i EU- parlamentet.)

LCR var også på "bærtur" i byrjinga, og er det framleis i nokre
samanhengar. Det var dessutan ikkje berre LO som stemte mot Tobinskatten
i EU-parlamentet. Felleslista Lutte ouvrière-Ligue communiste
révolutionnaire fekk 5,2 % av stemmene ved Europavalet i juni 1999, noko
som gav dei 5 representantar. Dei stemte ALLE mot forslaget om å innføra
ein Tobinskatt: Arlette Laguiller (LO), Alain Krivine (LCR), Armonie
Bordes (LO), Roseline Vachetta (LCR), Chantal Cauquil (LO).
Eg har alt skrive om dette på KK-forum.

> Kort sagt KK - dette holder ikke: usynligjøring av det eneste reelle
> (10% !!) alternativet til et rottent sos.dem, til råtne Moskva-kom.
> til Solheimaktige grønne!! Gi trottene skylda for oppsplittinga og
> ikke PCF og de grønne - Jospins kompiser i regjeringa.

PCF er så godt som ute av dansen, etter ein jamn tilbakegang som denne
gongen enda på 3,4 %. Dette partiet som i heile etterkrigstida fram til
1978, fekk mellom 20 og 25 % av stemmene ved vala, er no i ferd med å
døy for godt. Ein kan ikkje skulde dei for så mykje lenger. Framgangen
til ytre venstre (og ytre høgre) heng sjølvsagt (også) saman med dette
fenomenet.

Det er ikkje så interessant å diskutere syndebukkar. Ein må sjå
framover. Det som er interessant er resultatet i framtida av det som
skjedde førre søndag. Massemobiliseringa mot fascismen grip om seg.
1. mai kjem til å bli gigantisk, og denne rørsla vil halda fram, for ho
er ikkje heilt ny. Ho blir berre større og breiare. Dette har ingenting
med LO-LCR eller andre miniparti å gjera. Det er ei masserørsle av ein
ny type. Det er dette det er om å gjera å få inn i skallen.
Spørsmålet om LO er meir sekterisk enn LCR og andre spørsmål omkring
"partibyggjinga" deira, er uinteressante detaljar i denne samanhengen.

Oddmund Garvik
 
______________________________________________________________________________
ifrance.com, l'email gratuit le plus complet de l'Internet !
vos emails depuis un navigateur, en POP3, sur Minitel, sur le WAP...
http://www.ifrance.com/_reloc/email.emailif



This archive was generated by hypermail 2.1.2 : 11-07-02 MET DST