Re: SV: Gatas Parlament

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Mon, 13 Sep 1999 14:19:44 +0200

Magnus Marsdal wrote:
>
> Dette er vel ein metadebatt, men greit nok:
>
> Morten og serleg Lars, trur eg, skriv om at vi skal vera så glade for at det finst unge menneske med uferdige tankar etc...
Dette er greit nok for 18-åringar. Men korkje Elling eller Aslak er 18.
Elling er vel meir i retning 24 eller noko slikt?
>
> Sjølv er eg nett fylt 25. Sjølvsagt er mine tankar uferdige. Men ikkje så mykje meir uferdige enn alle andre sine at dei skal
hamna i ein spesiell ungdomskategori. Det finn eg meg faen ikkje i. Og
eg meiner karane i Gatas Parlament må takast 100 prosent
på alvor. Om ein meiner dei er flåsete og/eller har feil politisk line
får ein skriva det, og ikkje at dei er "unge". Om ein er
usamd i kritikk mot dei, må ein leggja fram usemja, ikkje at dei er
"unge" eller "uventa" etc. Den slags dulling er patetisk og
luktar av intellektuell innavl (snill mot sine eigne etc).

Sidan dette er delvis retta til meg, får eg sitere kva eg skreiv fredag:
> Gjer det noko
> at unge (og eldre) menneske tenkjer uferdige tankar, og attpåtil får dei
> på trykk i KK? NEI!!!

Dette var faktisk positivt meint. Det er bra at unge og eldre (no utan
parentes) menneske tenkjer, og nokre av tankane er nye og uferdige.
Heldigvis! Det er mykje å lære av m-l-m, men no har vi spørsmål og
utfordringar som dei ikkje visste om.

Om Gatas Parlament har dei rette svara, veit eg ikkje, for eg las ikkje
den reportasjen, og har ikkje høyrt på musikken deira. Eg reagerte berre
på hetsinga mot dei.

Lars Staurset