SV: Er "politikerforakt" noe å hausse opp?

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 13 Sep 1999 10:04:34 +-200

Andresen skriv:

Og vi bør utbre forståelse at også "politikere" er nødvendige i et
demokratisk system, og at noen av disse fortjener støtte, ikke forakt.

Joda, Torstein Dahle og Ågot Valle fortener ikkje forakt. Men: Om vi tek for oss dei mest synlege og dominerande politikarane i Noreg, altså dei som "er" "politikarane" og spør: Fortener dei forakt?, så er svaret JA, eit rungande JA!.

Politikarar er eit naudsynt onde, på sett og vis. Mange av dei på stortinget er berre det siste. Når Carl I Hagen etc går mot "politikarane" er det etter mitt syn IKKJE eit hint til oss om at vi på venstresida bør "forsvara" politkararar eller det "demokratiske" systemet, det er eit hint om at vi må slåst om kven som skal ha hevd på å vera anti-establishment. Og det er definitivt ikkje leiaren for eit av landets største parti! Denne haldninga til politikarane går heilt fint å kombinera med forsvar for borgarleg demokrati mot fascisme etc. Folk er i stand til å tenkja to tankar på ein gong.

Fram for politkarforakten - fram for sosialismen!

Hej då

Mingus