SV: Gatas Parlament

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Fri, 10 Sep 1999 17:44:58 +-200

Dette er vel ein metadebatt, men greit nok:

Morten og serleg Lars, trur eg, skriv om at vi skal vera så glade for at det finst unge menneske med uferdige tankar etc... Dette er greit nok for 18-åringar. Men korkje Elling eller Aslak er 18. Elling er vel meir i retning 24 eller noko slikt?

Sjølv er eg nett fylt 25. Sjølvsagt er mine tankar uferdige. Men ikkje så mykje meir uferdige enn alle andre sine at dei skal hamna i ein spesiell ungdomskategori. Det finn eg meg faen ikkje i. Og eg meiner karane i Gatas Parlament må takast 100 prosent på alvor. Om ein meiner dei er flåsete og/eller har feil politisk line får ein skriva det, og ikkje at dei er "unge". Om ein er usamd i kritikk mot dei, må ein leggja fram usemja, ikkje at dei er "unge" eller "uventa" etc. Den slags dulling er patetisk og luktar av intellektuell innavl (snill mot sine eigne etc).

Når det gjeld utgangspunktet for debatten er det for meg ingen tvil om at Aslak har eit poeng ang. stilen til Trond Andresen, og heller ingen tvil om at Garvik treff blink når han peikar på at Aslak knapt kan kallast noka motvekt til denne stilen. Dei er ganske like, dei to.

Innhaldet i GP-intervjuet hugsar eg ikkje, og vil ikkje meina noko om. Ålment vil eg meina at: Eg stør grunntanken til GP, å gje uttrykk for politikarforakt og peika på eigenaktivitet og politisk organisering nedanfrå som det rette alternativet til parlamenarisk jux&fanteri, men eg tykkjer kan henda ikkje Aslak og Elling får det til så veldig godt alltid. Men dette var altså ukvalifisert synsing.

Ei gladmelding til slutt, henta frå morgondagens KK:

78 prosent politikarforakt

78,6 prosent av elevane i vidaregåande skule har «ganske liten» eller «meget liten» tillit til politikarar. Dette syner skulevalsundersøkinga til Norsk samfunnsvitenskaplig datatjeneste. 1,1 prosent av dei spurde svarar at dei har sers stor tillit til politikarar, 20,4 prosent har ganske stor tillit. I 1997 var talet for sers og ganske stor tillit 31 prosent, medan 33 prosent av elevane hadde sers eller ganske stor tillit i 1995.
Over 55.000 elevar frå 188 skular inngår i den samla intervjubasen, frå desse er det henta ut eit representativt utval på 7.500 som grunnlag for undersøkinga. 5,5 prosent seier dei er «meget fornøyd med måten demokratiet virker på», 55,5 prosent er ganske nøgde, 31,6 prosent er ikkje serleg nøgde og 7,4 prosent er ikkje nøgde med demokratiet i det heile teke.....