Re: SV: Kina-imperialismen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 23 Jul 1999 11:20:04 GMT

Dette er ein svært interessant debatt, like i kjølvatnet av krigen i Kosovo.
Og sjølv om situasjonen til Taiwan historisk sett ikkje kan samanliknast med
situasjonen til Kosovo, nærmar situasjonen til Tibet og Sin-kiang/Xinjiang
seg denne. Eg er elles svært så samd med Skullerud i det han skriv.

Skullerud skriv m.a. om leiarartikkelen til PMJ i Klassekampen:

>Spratley-øyene og Sørkinahavet nevnes. Kina anser Sørkinahavet som et
>kinesisk innhav, og Spratley-øyene er derfor kinesisk territorium. De
>har ved flerfoldige anledninger sendt krigsskip til området. Jeg
>anbefaler leserne å ta en titt i et atlas og sjekke beliggenheten av
>Sørkinahavet. Er det rart at Filippinene, Vietnam og til og med
>Malaysia føler seg truet? Er det rart at de fleste nabostatene
>(unntatt Vietnam, naturligvis) vender seg til USA som garantist for
>deres selvstendighet og sikkerhet?

Nei, det er sjølvsagt ikkje rart... Kina gjer ikkje berre krav på
Spratly-øyane. Kina trekkjer den maritime grensa si enda lenger sør, og
inkluderer den indonesiske øya Natuna! Fem andre land i området gjer elles
krav på Spratly-øyane: Filippinane, Malaysia, Vietnam, Taiwan og Brunei.
Sørkinahavet blir reikna for ei av dei viktigaste rutene for den
internasjonale skipstrafikken, og fjellgrunnen i Spratly full av
malmressursar osb. Kina har forplikta seg til å sikra fri skipsfart, og
nyttar kanskje også dette som påskot for å sikre seg kontroll over området.
Filippinane, som skuldar Kina for å ha okkupert 11 småøyer og rev sidan 1995,
ser meir på konflikten som eit spørsmål om regional tryggleik, enn eit
spørsmål om kontroll med øygruppa. Det siste året har det vore fleire
episodar mellom Beijing og Manila i dette området.

Når det gjeld den strategiske situasjonen i Sørvestasia, er det elles nyttig
å ta styrkinga av aksen Moskva-Beijing med i reiknestykket.
«Me må tenkje på framtida», sa den russiske forsvarsministeren Igor Ivanov
nyleg (10. juni) til visepresidenten i den kinesiske militærkommisjonen,
general Zhang Wannian, som var på vitjing i Moskva. «Russland er bekymra
over utvidinga av det amerikansk-japanske aktivitetsområdet i
Asia-Stillehavsområdet, inkludert Aust-Russland», skriv vekebladet Vek
(Moskva). «I denne nye internasjonale konfigurasjonen er interessene til
Russland og Kina samanfallande», understreka Vladimir Poutine, president i
FSB (ex-KGB), på det same møtet. «Vil aksen Moskva-Beijing, som blir
tydelegare og tydelegare, utgjere den eine sida av det framtidige triangelet
med Delhi?» spør Moskvaavisa. Eit interessant spørsmål...

Det kan bli like mykje ideologisk og strategisk krims-krams i denne debatten
som i debatten om Balkan nyleg.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Vos emails (POP&HTML)/Vos P.A.
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr