SV: Kina-imperialismen

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Wed, 21 Jul 1999 15:20:33 +-200

Svar til Jon Ivar Skullerud:

Skullerud spør i eit innlegg (då og då) om eg vil føra vidare det han meiner er Klassekampens ukritiske tradisjon når det gjeld synet på stormakta Kina. Nei, det vil eg ikkje. Eg er 100 prosent samd i at vi ikkje skal akseptera kinesisk imperialisme meir en amerikansk. Kinesisk imperialisme var så absolutt inkludert då eg skreiv "all imperialisme" i kommentaren Skullerud referer til.
Men kommentaren handla slett ikkje om kva som er rett og gale i konflikten Kina/Taiwan, og gjev ikkje støtte til Kina. Poenget var spørsmålet om "storkrig", altså militær konflikt mellom stormakter. Og på det feltet tykkjer eg USA framstår som den største faren nett no, jamfør Natos offensive strategi. Det tyder ikkje at vi skal vera heiagjeng for andre stormakter, slett ikkje. Spørsmåla eg tok opp var knytt til det gryande anti-Nato-arbeidet i Noreg. Bør dette arbeidet òg retta seg mot USAs imperialisme på sida av Nato? Bør det retta seg mot også andre stormakter som skjerpar konfliktene i retning krig (inkludert Kina!)?
Eg har ikkje svar på slike spørsmål, men eg trur vi må stilla dei. At Skullerud valde å lesa teksten med 70-talsbriller (altså som støtte til Kina, som eg faktisk ikkje har det minste ynskje om å støtta) får vi vel setja på kontoen for misforståing. Om det er slik at han samstundes meiner at USA bør gripa inn mot Kina i denne saka, får vi setja det på kontoen for grunnleggjande usemjer.

Magnus E. Marsdal