SV: SV: Imperialismen

Magnus Marsdal (magnus.marsdal@klassekampen.no)
Mon, 5 Jul 1999 17:51:58 +-200

Mine spørsmål til Andresen har ikkje til føremål å motbevisa kvart fnugg av det han hevdar, men eg trur kan henda "teorien" han set fram om politisk og militær kamp under dagens imperialisme er litt for ENKEL.

Som svar leverer Andresen to konkrete døme som understøttar hans analyse (dette kallar han "bekrefter min analyse").

Andresen skriv:

"Det som fortsatt holder
Mexicos regjering i sjakk, er ikke Zapatistenes svake militære organisasjon,
men den internasjonale opinion og spesielt nettverket av aktivister og
organisasjoner som følger og rapporterer om konfikten nærmest fra time til
time".

OK. Kva er det som held Tyrskiske styresmakter i sjakk? Ingenting, bortsett frå ARGK sine våpen og PKKs oppslutnad i folket. Kva held Colombia i sjakk? Ingen ting, bortsett frå våpen og opprør. Kva heldt Guatemala-staten i sjakk? Ingen ting, dei slakta ned for fote.

Eg skal ikkje, lik Andresen, hevda at dette er døme som "motbeviser" alt han hevdar. Men det er døme på at det ikkje er så ENKELT som det kan verka om ein berre held seg til Chiapas og Andresen si tolking av det som skjer der.

Altså meiner eg at det er god grunn til å, nett som eg har gjort, stilla spørsmålsteikn ved den analysa som ligg til grunn for Andresens syn på verdspoliti etc. Eg er framleis ikkje overtydd av denne analysa, men tek gjerne imot fleire argument.

(At det ikkje skal gå an å bruka ein einaste historisk parallell aldri så forsiktig utan at det blir til "å vifta med busemenn" seier meir om Andresens tilhøve til historia og "busemenn" enn om mitt, trur eg.)

Mingus