Re: SV: Imperialismen

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Tue, 6 Jul 1999 12:47:45 +0200 (CEST)

Magnus svarte greit på nokre av punktane dine, Trond. Berre nokre tillegg:

1: IT har IKKJE stogga regjeringa i Mexico. Det drypp jamnleg inn
meldingar om overgrep, massakrer osb. i Chiapas. Grunnen til at
Zapatistane ikkje er utrydda er ikkje internett, men at det er særs
vanskeleg å utrydda folk som gøymar seg i jungelen. Det internett har
gjort er at det er mange folk i resten av verda som veit kva som skjer i
Chiapas, og kritiserer Mexico på det grunnlaget.

2: Problemet er at du legg for mykje vekt på dei teknologiske framstega,
det vert ein form for teknologisk determinisme ikkje ukjent på
venstresida. Eg er heilt samd med deg i at IT-revolusjonen har gitt oss på
venstresida heilt nye verkemidler og nyttige verktøy, men det i seg sjølv
forandrar INGENTING m.o.t. kven som har makta i samfunnet. Ein parallell:
Industrirevolusjonen skapte enorme fabrikkar med eit svært
industriproletariat, men han skapte ikkje automatisk ein revolusjonær
arbeidarklasse. IT-revolusjonen gjer at vi har sjansen til å få
informasjon om kva som skjer i heile verda, og effektivt dokumentera
overgrep og undertrykking, men det skaper ikkje automatisk eit solidarisk,
opplyst folk. Dette erlike mykje no som før eit spørsmål om politisk kamp
og argumentasjon, om klassekamp. Kva hjelp er det for indianarene i
Chiapas/Kurdarane i Tyrkia/fattigbønder i Kina at folk i vesten veit kva
som skjer med dei? Så langt - lite eller ingenting. Endringar i
produksjonstilhøva (som IT-revolusjonen) skapar berre nye opningar for
progressive krefter, nye kampformar. Det skapar ikkje revolusjon.

Pål Hellesnes
Personsoekar: 96 84 78 06
Finger paal@feskar.net for PGP-nøkkel