RE: Ein ny mulighet Lars

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 08 Oct 1997 10:52:13 +0100

Lars Staurset
Din freistnad på å tillegga meg standpunkt, synsmåtar og oppfatningar eg
ikkje har vil alltid komme til å bli vanskeleg for deg - at du mislikar å
ikkje lukkast med det, ja det kan eg ikkje gjera noko med.

Eg vil oppmode deg om å lesa mitt svar til Jon Hareide Aarbakke "Re Avis
for AKP", og forhalde deg til realitetane i det eg skriv framfor å bli
offer for dine eigne retoriske vendingar.

Dessutan vil eg sette pris på om min gode ven, (slik eg oppfattar han etter
mange års kjennskap og politisk jobbing saman) Gunnar Furuhaug, tok seg tid
til å svare på mitt innlegg "Avis for folk" - det står han fritt å gjera
det. Eg har ingen problemer med å vera sakleg ueinig med han, og eg veit
han tåler ein frisk/skarp debatt - noko han sjølv ofte legg opp til.

MHH Olve Steinset

At 09:31 08.10.97 +0200, you wrote:
>Svar til Olve Steinset:
>
>Når Furuhaug, Aarbakke, eg og diverse andre peikar på at KK treng
>ABONNENTAR for å overleve, kallar du det "tøys", "billege triks" og
>"retorisk mørke". Ein slik debatt vil eg ikkje vere med på; eg
>konstaterer berre at du vik utanom problemet.
>
>Du krev at eg skal ta stilling til noko Furuhaug har skrive. Eit
>lausrive sitat kan tolkast i ulike retningar, og tolkinga di er å
>"dra utleggingane hans etter håret", for å bruke dine eigne ord. Eg
>meiner sjølvsagt ikkje at "avisas grunnsyn til ei kvar tid skal
>tilpassast avismarknaden", slik du vrir det til, og det trur eg neppe
>Furuhaug meiner heller. Kvifor spør du ikkje heller han?
>
>Lars Staurset
>
>