Sluttreplikk til Steinset og Madsen

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 8 Oct 1997 11:23:23 +0200

Eg trekker meg frå forum-debatten med Olve Steinset, for den har neppe
noka interesse for andre lesarar. (Vi kan halde fram på privat e-post,
Olve, men eg har ikkje tid akkurat no.)

Roar Madsen spør:
>Kvar står
>Aarbakke, Staurset og andre dersom Michelet vert redaktør?

For min del har eg skrive tidlegare her på forumet at
>eg har ingen ting mot Jon M., og vil gjerne halde fram som abonnent nær
>sagt same kven som blir redaktør.

Meir har eg ikkje å legge til før styremøtet. No er det makta som rår.

Lars Staurset