Tranøy og Helgheim går

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 8 Oct 1997 10:49:51 +0100

I KK idag stadfestar både Roald Helgheim og Torstein Tranøy at dei vil
forsvinna frå KK dersom
Michelet vert tilsett.

Det var vel ikkje heilt uventa for å seia det mildt - men det er jo ganske
klårgjerande at framståande
redaksjonsmedlemer meiner at ein open og reell tilsetjingsprosess (som dei
har ynskt seg) kan skje
ved at dei sjølve stiller eit kabinettspørsmål til styret og legg ned veto
imot spesielle kandidatar.
Helgheim er jo attpåtil redaktørkandidat sjølv.

Dersom dette er uttrykk for generelle haldningar til korleis ein forheld seg
til skarpe usemjer - er det
nokso nedslåande. I so tilfelle vil eg meina at samarbeidsklimaet i avisa
neppe vert verre av at dei forsvinn.

Det er ikkje alltid like lurt å brenna alle bruer - med ein smidigare
taktikk hadde klubben kome ståande ned
med meir sympati - og dessutan eit langt betre utgangspunkt for å ta
motparten i handa og vera med på diskusjonar
om "lina" framover.

Med helsing

Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41