Framtida kjære vener

Roar Madsen (roar.madsen@hf.ntnu.no)
Wed, 8 Oct 1997 09:26:01 +0100

Det er eit faktum at eindel ordskifte her på KK-forum har ein tendens til å
spora av.
(For å ikkje verta mistydd vil eg presisera at det i høg grad ogso gjeld
ordskifte i
papirutgåva av KK). Eit av desse ordskifta er ordskiftet om Furehaug sine
utlegningar
mellom Steinset, Staurset og andre.

I staden for å diskuerta om Furehaug har rett i sine noko pessimistiske
spådomar om korleis
det kan (vil?) gå med KK dersom styrefleirtalet får det som dei vil, burde
me vera meir opptekne
at at svaret på det spørsmålet heller ikkje kan seiast å vera uavhengig av
den menneskelege
viljen.

Lufta er i ferd med å gå ut av redaksjonsklubb-ballongen - dei dreiv det
litt langt denne gongen,
jfr. innlegget frå den administrative leidinga i KK i går. Det er ikkje
lenger noko dristig
tips at Michelet vert tilsett som redaktør. Styreleidaren har marknadsført
han som sin kandidat.
Uansett om dette ikkje gjeld i redaksjonsklubben, so har Michelet breidare
støtte enn nokon annan
søkjar.

Spørsmålet mitt til dei som har prøvd å stå "i sentrum" i KK-ordskiftet
eller som har vore kritiske
til styrefleirtalet vert då: Skal me prøva å unngå at Furehaug får rett ved
at me kranglar vidare
so fillene fyk - eller skal me prøva å koma i gang med eit felles løft for
KK? Og her meiner eg me
må ha eit romsleg syn på kva det vil seia å vera med i ewit felles løft. Me
får ikkje alle ut på gatene,
me får ikkje alle til å gjeva pengar eller kjøpa aksjar. Men kanskje vil
nokon vera med på gjennomføringa
av gode idear som nye vitskapssider for KK eller tipsnettverk - eller
kanskje dei kan bidra med andre idear.

Istaden for å pukka vidare på kva me meiner om Furehaug sine haldningar vil
eg difor spyrja: Kvar står
Aarbakke, Staurset og andre dersom Michelet vert redaktør? Dersom dei ope
står bak avisa som støttespelarar
og deltakarar i ordskiftet om kva avisa skal vera - vil det vera eit klårt
signal. Både til dei som vurderer
tingingane sine og til den høgresida som eventuelt måtte ynskja seg KK daud
og gravlagt.

Det er framtida det står om kjære vener - er Michelet ein for stor kamel å
svelgja for å vera med på eit
forsøk på å få eit betre KK?

Med helsing
Roar Madsen
Historisk Institutt - NTNU
7055 DRAGVOLL
Telefon/phone + 73 59 81 15
Faks/fax + 73 59 64 41