Re: Avis for AKP?

Olve Steinset (olves@online.no)
Wed, 08 Oct 1997 10:29:58 +0100

At 09:12 08.10.97 +0200, you wrote:
><Trur ikkje denne kom fram - freistar påny>

Jon Hareide Aarbakke skriv:

"Kjære Olve,
eg trur du har feiltolka Staurset, og at du er meir spydig enn godt er:
han tolka deg som meg - eg trudde du sa at du ikkje dreiv KLASSEKAMPEN då
du sa du ikkje dreiv avis. Trur eg.

Lars' poeng er vel enkelt - ei avis retta mot AKP-medlem har ikkje
livsgrunnlag. Ei avis som liknar for mykje på Dagsavisen/DB har ikkje
rett til å bere namnet Klassekampen, (og vil fort forsvinne?)."

Greitt Jon Aarbakke, eg skal taka deg på alvår. "Olves avis" seier du er
synonymt med "slik Olve vil avisa Klassekampen skal vere", vidare seier du
at ei slik avis har ikkje du tru på har nokon marknad, du og Lars Staurset
er samde om dette. Difor må eg gå ut frå at de har ei oppfatning om kva
slags avis eg ynskjer/vil Klassekampen skal vere, og som er forskjellig frå
slik de ynskjer/vil den skal vere. Difor vil eg be deg og Lars Staurset
sitera meg frå eit av mine innlegg slik at denne usemja kan bli tydeleg.
For at dette skal verta enklare for dykk har eg nedanfor henta fram dei
utsegner eg har kome med relatert til avisas profil og innhald.

19. september:
"Eg er ein av dei som verkeleg meiner at det trengs ei avis i dette landet
som er meir enn eit talerør for AKP, RU og RV. Ei avis som kan ta opp i seg
alle dei positive strømningane som er på venstresida i norsk politisk
kvardag."

23. september:
"Ein "allianse" som vil verne om den formålsparagraf avisa i dag har, og
som krev at dette også reflekterast attende i det redaksjonelle stoffet i
avisa, og at det er innanfor denne rammene redaktørplakaten gjeld. Det er
vel det som er formålet med ein formålsparagraf vil eg tru. I denne gruppa
plasserer eg meg sjølv."

24. september:
"Ein formålsparagraf meinar eg har dei beste føresetnader om den
kontinuerleg er oppe til debatt, og tid om anna vert korrigert av dei som
er sette til å ta slike val."

25. september:
"Ein ting vil eg gjere klinkande klårt; det produkt som skal produserast i
avisa Klassekampen må til ei kva tid være i tråd med den til ein kvar tid
gjeldande formålsparagraf for avisa. Denne setter rammene for det produkt
som skal skapast. Det er tilsette i Klassekampen, inklusiv den til ein kvar
tid tilsette redaktør, fordømt forplikta til. Dette er ikkje eit spørsmål
om kva ein likar eller ikkje likar, om bedriftsdemokrati eller ikkje, om
godt eller dårleg arbeidsmiljø, men om å vere lojal i høve til det ein er
sett til å gjere. Kan ein ikkje leve med det - ja, så får ein finne seg
noko anna å gjere."

30. september:
"Lars Staurset du skriv følgjande i ditt innlegg her på KK-forum, som svar
til Roar Madsen og Pål Hellesnes: "(1)Eg er samd i mykje av den kritikken
som har kome mot redaksjonen for stoffval, vinkling og haldning til dei
"aktive" lesarane. (2)Samstundes meiner eg avisa ikkje kan overleve utan å
bli dagleg lesnad for målgrupper utanfor dei revolusjonære sirklane. (3)Då
må desse lesarane oppfatte ho som lesverdig, viktig og uavhengig." (Tala i
klammer er det eg som har plassert inn i teksten, og eg vil svara i høve
til dei.)

1. Fint Lars!
2. Dette er eg samd med deg i. Derfor er det viktig at alle vi, som vil at
avisa Klassekampen skal få ei framtid, bidreg med vårt - vervar nye
abonnentar, sel avisa på gatene etc..
3. Ja, lesverdig og viktig. Kva du legg i uavhengig veit eg ikkje - du
definerer det ikkje sjølv heller. Slik du har formulert deg vert det lett å
bli leda til å tru at du meinar ei avis som ikkje tek politisk stilling. Om
du meinar det, er eg djupt usamd med deg - eg vil ha ei avis tufta på den
formålsparagraf avisa i dag har. Eg vil sette pris på om du kunne definere
klårare kva du meinar med "uavhengig" i denne samanhengen."

2. oktober, svar til Lars Staurset:
"Du skriv: "Ei avis må ha rom for å kritisere eigarane sine, enten dei
heiter Orkla eller AKP." Ja - alt anna ville vere motbydeleg, stinkande og
minne om regime korkje du, eg eller andre debattantar i denne debatten
ynskjer (slik eg oppfattar det)."
"I dine vurderingar og kjensle i høve det å skulle misse Klassekampen, og
at Klassekampen og under Bjerke si leiing har vert eit kjærkome tilskott,
er eg samd med deg. Likevel meinar eg at avisa var på veg bort frå det den
var/er meint å vere, og at kursen no må korrigerast. Dernest er det slik
for meg at eg ikkje støttar ei avis fordi den heiter Klassekampen, men for
det denne avisa inneheld og det den står for."

3. oktober:
"Eg vil ha ei god avis med så mange som mogeleg av dei framifrå
journalistane, som i dag arbeider og slit i avisa Klassekampen, med på å
skapa den. Og eg vil ha Michlet som ny redaktør for denne avisa!"

4. oktober:
"For meg står det slik: Dersom nokon av journalistane i Klassekampen ikkje
kan halde ut med J. Michlet som redaktør, og produsere ei avis i tråd med
avisas eige grunnsyn (formålsparagrafen) - ja, så ser eg ikkje noko stort
tap i at dei forlet avisa, tvert om! Eg har lagt merke til at det har vorte
hevda at avisas redaksjon er ein vesentleg del av avisas eigenkapital - kan
vere det, men eigenkapitalen er faktisk eit av dei viktigaste områdene å
halde eit vakent auge med for ikkje å bli insolvent - den kan fort gå
kraftig ned i verdi om ein ikkje passar på å vedlikehalde og fornye den.
Dersom nokon bestemmer seg for å slutte i KK så går dei i tråd med si eiga
overtyding."

Etter dette skreiv eg innlegget "Avis for folk", som ein reaksjon på Gunnar
Furuhaug sitt innlegg i avisa 4 oktober. I mitt star til din reaksjon på
mitt innlegg skreiv eg følgjande:
"Det som opptek meg er å bevare Klassekampen som avis - ei avis som blant
anna kan innehalde det nettopp du likar ved å lese KK, og samstundes det du
etterlyser/saknar."

Kva er det du Greitt Jon Aarbakke og Lars Staurset er usamde med meg i? Kva
slags avis ynskjer de dykk? Kva meinar de skal vere avisas
formålsparagraf/grunnhaldning?
Eg forventar meg no eit sakleg svar frå dykk utan billege retoriske poeng.

MHH Olve Steinset