RE: Ein ny mulighet Lars

Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Wed, 8 Oct 1997 09:31:43 +0200

Svar til Olve Steinset:

Når Furuhaug, Aarbakke, eg og diverse andre peikar på at KK treng
ABONNENTAR for å overleve, kallar du det "tøys", "billege triks" og
"retorisk mørke". Ein slik debatt vil eg ikkje vere med på; eg
konstaterer berre at du vik utanom problemet.

Du krev at eg skal ta stilling til noko Furuhaug har skrive. Eit
lausrive sitat kan tolkast i ulike retningar, og tolkinga di er å
"dra utleggingane hans etter håret", for å bruke dine eigne ord. Eg
meiner sjølvsagt ikkje at "avisas grunnsyn til ei kvar tid skal
tilpassast avismarknaden", slik du vrir det til, og det trur eg neppe
Furuhaug meiner heller. Kvifor spør du ikkje heller han?

Lars Staurset