Re: Forsøk på å knekke KK-forum - og om regelverk for lista

From: Jørgen Strickert (jorgen@sosialisme.no)
Date: Fri Jan 05 2001 - 16:40:56 MET


> God fredag.
>
> Eit lite bidrag til følgjetongen "KK-forum debatterar seg sjølv":
> Eg har vore på lista sidan 1997 ein gong, da alle som ville følge den opprivande
> KK-krigen måtte bli med, og dette er mitt andre (!) innlegg sidan eg vart med.
> Når eg berre har deltatt aktivt i forumet to gongar på over tre år, er det mange
> grunnar til det. Det fell til dømes ikkje like naturleg for alle å bruke tid og
> krefter på elekronisk refleksjon med seg sjølv og omverda kvar dag året rundt.
> Eg er imidlertid glad for at det finst andre som har ressursar til det.
>
> Det som har betydd aller minst for min eigen manglande forum-aktivitet, er
> imidlertid dei milelange og fryktsomme innlegga frå eldre menn, eller det Trude
> karakteriserar som "en gjeng mugne mannfolk som ikke tåler kritikk". Eg synst
> mange og lange innlegg i utgangspunktet er eit gode. Viss det blir for mykje av
> det gode, gjer som eg:
> Dei (mange) gongane eg har hatt lite tid eller interesse for temaet, har eg
> ganske enkelt nytta slettefunksjonen og utradert omfattande diskusjonar ulest.
> Slik har sikkert mykje rart (m.a. "stygge stempler og gammalt grugg", som Trude
> skriv) havna i søpla. Andre ting har eg fått med meg, utan dermed å ta skade på
> min sjel. Det tar litt tid å sitte slik og slette, men eg gjer det gjerne, all
> den tid alternativet er å gå glipp av ein heil del interessante meldingar - både
> frå sutrepavar, grinebitarar, mobbarar og meir sympatisk innstilte og reinhårige
> debattantar.
>
> Når det gjeld stilen: Slik eg ser det, får vi i stor grad den diskusjonskulturen
> vi fortener. Når eg sjølv aldri har bidratt med eit tastetrykk i ein meir
> fornuftig retning enn den rådande, synst eg heller ikkje eg har legitimitet i
> eit hylekor mot den vederstyggelege stilen på lista, sjølv om eg óg har fått med
> meg at det stundom går hardt føre seg.
>
> Eg trur for øvrig heller ikkje papiravisa mistar abonnentar eller ry på grunn av
> KK-forum (jamfør kritikken av forumet som ein dårleg "representant" for avisa
> Klassekampen). Eg oppfattar ikkje banda mellom forumet og avisa som så mykje
> sterkare enn nettopp "vennskapelige forbindelser", listesjefens formulering.
> Tvert om synst eg heller det er for lite KK-debatt og KK-debattantar (avisfolk)
> på forumet - altså for veike band mellom avis og forum, men det er ein annan
> historie.
>
> Jørgen Strickert
>
> PS. Dessutan treng eg ein plass å bu i Oslo - alt billeg av interesse, men det
> er vel óg ein litt annan historie.



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:44 MET