Kven øydelegg KK-forum?

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Fri Jan 05 2001 - 15:56:38 MET


Dette er ein merkeleg situasjon. Eg melde meg ut av KK-forum for å bruke
tida til andre ting, og hamna oppe i eit kvefsebol. Resultatet er no at
eg må bruke endå meir tid på å rydde opp i dette.

Eg skal visstnok vere med i ein firarbande som prøver å "bryte de
vennskapelige forbindelser" mellom KK-redaksjonen og forumet, og jamvel
prøver å knekkje KK-forum. Debattantar som kjenner saka berre frå ei
side, har skrive her på forumet om "skjønnånder" og "trugsmål mot
ytringsfridommen".

I utmeldingsbrevet 2. januar skreiv eg:

> Etter å ha vore med nesten frå starten, vil eg no ved årsskiftet melde
> meg ut av KK-forum. Det er ikkje i protest mot bestemte deltakarar eller
> fordi eg ikkje toler debattstilen, men for å prioritere andre fora og
> gjeremål.
>
> Det har vore interessant og lærerikt - på godt og vondt - å vere med
> her, men for meg står ikkje nytta lenger i forhold til innsatsen med å
> sortere skit og kanel. Kanskje eg kjem att seinare.

Det har også vore lærerikt - mest på vondt - å vere vitne til og
deltakar i det som har hendt seinare. Utruleg, men sant: administrator
på KK-forum respekterer ikkje forskjellen på ei avgrensa arbeidsgruppe
(KK-støttespelarlista, som han sjølv kallar ein "utvida redaksjon" for
avisa) og det offentlege og opne KK-forum. Han har no uoppfordra meldt
meg inn att på KK-forum, men samstundes gjort merksam på at dersom eg
skriv her, vil han offentleggjere det meste av det eg har skrive på den
andre lista. Derfor gjer eg det sjølv, men stryk nokre linjer av privat
karakter.

Etter utmelding av KK-forum kom eg nemleg inn i ein debatt på
støttespelarlista om det var muleg å lage eit debattforum som fungerte
betre. Av ein eller annan grunn har Trond Andresen pålagt seg sjølv å
ikkje delta i den debatten, og heller ikkje i andre debattar på den
lista. Eg skreiv 2. januar:

> Tilbake frå ferie ser eg at det har oppstått ein debatt her om KK-forum
> og om eit eventuelt nytt debattforum knytt til KK-redaksjonen
> ("KK-debatt"?).
>
> På sitt beste er KK-forum eit generelt debattforum for delar av
> venstresida. I ein periode var debatten der sterkt knytt til linjekamp i
> og omkring avisa. Den er det ikkje så mykje strid om no, og herverande
> liste har i stor grad overteke det som er att av den rolla. Det er
> likevel bruk for eit større forum, for støttespelarlista høver ikkje til
> generell politisk/ideologisk debatt.
>
> Spørsmålet er kva som kan gjerast. For meg vart det etter kvart for
> mykje å følgje med i på KK-forum, og det tok tid å sortere skit og
> kanel, så eg har no meldt meg ut. Problema ville vere mindre med eit
> redigert ("moderert") debattforum. Ein debattredaktør kan avvise innlegg
> som ikkje oppfyller visse (gjerne romslege) kvalitetskrav. Dei som føler
> seg urettferdig behandla, kan rase ut i KK-forum som før. Like viktig:
> redaktøren kan sortere innlegga, slik at deltakarane kan følgje med på
> dei tema dei ønskjer: klima/miljø, Midt-Austen, marxistisk teori osv.
>
> Eit slikt debattforum vil gje litt stoff til avisa (som etter nærare
> vurdering og avtale kan trykkje somme av innlegga), og høve til å knyte
> til seg skribentar. Omvendt kan nokre debattantar få eit nærare forhold
> til avisa, og kanskje bli abonnentar eller støttespelarar. Men å
> redigere eit debattforum tek tid, som KK-redaksjonen ikkje har.
> Økonomisk sett er det nokså usikre fordelar ved å drive eit slikt forum,
> og det vil sikkert ikkje gje pluss på ei pressa botnlinje dersom avisa
> skal dekkje alle kostnader.
>
> Til gjengjeld er dette ein jobb som godt kan skiljast ut frå den vanlege
> avisredaksjonen. Han treng ikkje gjerast i Oslo, men gjerne av to-tre
> personar som sit ulike stader i verda og dermed kan arbeide på ulike
> tider av døgnet (venstreorienterte debattantar søv som kjent ikkje om
> natta ;-) ). Avisa må dekkje kostnadene med datalagring og
> ekstrautgifter til telefon/datalinjer for redaktørane, men kan i beste
> fall tilby eit symbolsk vederlag (gratis abonnement?) for sjølve
> arbeidet. Appell til dugnadsånda er ikkje til å komme utanom.
>
> Kva meiner støttespelarane om dette? Nokon som føler seg kalla?

Seinare på dagen skreiv eg, som svar til ein annan innsendar:

> På eit redigert forum har du sjølvsagt rett i at noko av spontaniteten
> blir borte. Samstundes er det nettopp spontaniteten - den ukritiske
> haldninga somme innsendarar har til det dei sjølve skriv - som er noko
> av problemet med uredigerte lister som KK-forum. Eg veit ikkje kor godt
> redigering ville fungere på eit nytt "KK-debatt". Det kjem ikkje minst
> an på om det er muleg å få tak i dyktige redaktørar på dei vilkåra KK
> kan tilby. Derfor slengjer eg ut tråden, og så får vi sjå om nokon tek
> han opp.

I tillegg har eg skrive nokre private brev som går meir i detalj.

Dei som kan lese, ser at eg ikkje prøver å øydeleggje KK-forum (noko som
forresten ikkje er ulovleg, og som Trond Andresen greier godt sjølv),
men at eg ønskjer eit alternativ, eit forum som fungerer betre.
Sannsynlegvis blir det med ønskjet, for det skal noko til å dra i hop
ein redaksjon som vil arbeide på desse premissane. Kanskje nokon på
KK-forum melder seg?

Dei tre andre i "firarbanden" har gjeve uttrykk for ønskje som går i
nokonlunde same retning, kanskje bortsett frå det med redigering av
innlegg. Elles kan dei sikkert svare for seg sjølve.

No seier eg på nytt farvel til KK-forum, og dementerer samstundes alle
påstandar som Trond Andresen har sett fram og heretter vil setje fram om
meg.

Helsing Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:44 MET