Tilbake til kapitalrørsler (har vore: Lesehjelp m.m.)

From: Lars Staurset (lars.staurset@statkart.no)
Date: Thu Dec 21 2000 - 13:03:03 MET


Trond Andresen wrote:
>
> Jeg skal ikke svare for KVJ, men bare for meg sjøl. Ja, dette er fortsatt
> like "vanskelig", i det minste for meg. For påstanden som verken du eller
> Hannemyr eller andre har begrunnet til nå, er at ETT spesifikt økonomisk
> reformtiltak - innføring av styring med kapitalbevegelser - også vil medføre
> tilbakeskritt når det gjelder den demokratiske situasjon i et samfunn.
>
> Jeg venter fortsatt på en forklaring på dette. Kanskje noen andre kan hjelpe
> meg?

For orden skuld: Eg prøvde å reformulere det Hannemyr skreiv, utan å ta
stilling. Når det gjeld realiteten, følgjer eg interessert med i
debatten, og skulle gjerne ha visst meir om Malaysia før og etter 1998.
Høyrer du, Peter M.?

Sjølvsagt er det rett at det å styre kapitalrørsler i seg sjølv ikkje
skader demokratiet - det skulle berre mangle. Problemet er heller den
konteksten eller situasjonen eit slikt tiltak blir gjort i. Det er neppe
slik at finansministeren "ser lyset" og foreslår valutakontroll,
Stortinget vedtek det etter ein avslappa debatt og spekulantane finn seg
i det etter å ha murra litt i Dagens Næringsliv.

Kva skal til for at det norske statsapparatet skal trasse Røkke-vennene
sine og gjennomføre kontroll med kapitalflyten? Eg trur det må vere i
ein krisesituasjon med valutaflukt, som sjølvsagt blir skjerpt av tanken
på at slik kontroll kan komme. Det kan også tenkjast - i det minste
teoretisk - at EU gjennomfører kontroll av liknande grunnar, og at Noreg
som medlem eller nesten-medlem diltar etter.

Ei slik krise - altså ikkje valutakontrollen, men bakgrunnen for han -
ville sjølvsagt ramme vanlege folk hardt, og ein må rekne med at staten
ville bruke diverse tiltak for å slå ned protestar. Mellom anna ville
det nok bli streike- og demonstrasjonsforbod og streng kontroll med
media, medrekna debattfora på Internett. Eg ville nok kalle slike tiltak
for "tilbakeskritt når det gjelder den demokratiske situasjon". Kanskje
eg også ville gå ut på gata og bruke sterkare ord.

Er det tenkjeleg at valutakontroll kan bli innført i ein meir fredeleg
situasjon, som følgje av eit demokratisk krav frå grasrota og framgang
for venstresida på Stortinget? Kanskje, men det er vanskeleg å sjå
korleis det kan gjennomførast utan at all valutaen forduftar under
prosessen. Den frie kapitalflyten er det største kuppet kapitalmakta
greidde å gjennomføre i 90-åra.

Lars Staurset



This archive was generated by hypermail 2b29 : Thu Jan 18 2001 - 10:59:37 MET