Re: Det sosialistiske Cuba?

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 10 Jun 1999 13:26:47 GMT

Mathias Bismo skreiv:

>Dessuten - og det er neppe tilfeldig - at en av Ches nære
>samarbeidere Debray i dag støtter bombingen av Jugoslavia i
>EU-parlamentet.

Kor har du dette frå, Bismo? Régis Debray sit ikkje, og har, så vidt eg veit,
aldri sete i Europa-parlamentet. Eg trur du blandar saman med tidlegare
innanriksminister Jean-Louis Debré frå RPR (partiet til Chirac). Eg
refererte nyleg "reportasjereisa" til Serbia og Kosovo som Régis Debray la
ut på, og den skandaløse artikkelen han skreiv i Le Monde og vekeavisa
Marianne. Debray er berre nok ein forsvarar av den serbiske saka... ein
heller reaksjonær jakobinar og nasjonalrepublikanar.

Oddmund Garvik

PS: Eg har tatt ein liten pause frå debatten. Eg har sagt det meste av det
eg har å seia. Propagandaen til "krigsmotstandarane" blir ikkje betre, men
det er bortkasta tid å argumentere mot dei. Dei lyg, triksar og forvrenger
røyndomen. Dei vonar at folk byrjar å tru på "saka" deira om dei berre tek
opp att ofte nok, og lenge nok dei same løgnene. Ein blir lei av det til
slutt.

ds.


______________________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> Hebergement (50 Mo)/Emails (POP&HTML)/Abonnement INTERNET !
NOUVEAU : vos encheres On-line : http://ifrance.aucland.fr