Bakkestyrkane som uteblir

Olav Randen (boksmia@online.no)
Tue, 18 May 1999 09:40:18 +0200

Dette blir skrive dag 57 i det som skulle bli ei stuttvarig "fredsbombing".
Eg er usikker på talet på bombetokter så langt, men truleg har det nådd opp
i 6-7000. Det synest vere ein tendens til at fleire og fleire sivile mål
blir bomba. NATO trudde kanskje halvannan månad sidan at dei skulle bombe
Serbias krigsmateriell i senk og at det ville gjere at innbyggjarane viste
Milosevic ryggen. No har dei gitt opp den ideen og satsar meir og meir på at
bombinga skal gjere livet utsett og overlevingsvilkåra vanskelege for
sivilbefolkninga. Når transportvegar og bruer er øydelagde og straum og
vasstilførsel borte, er såleis risikoen for massesvolt og for
smittesjukdommar dramatisk større.

Alt i mars sa militære ekspertar at bombing neppe kunne knuse det serbiske
militærapparatet. Berre bakkestyrkar kunne det. Og bakkestyrker skulle om
nødvendig kome om ei stund. No høyrer vi mindre og mindre om bakkemannskap.
Det meste tyder på at NATO også i tida som kjem vil nøye seg med
bomberegnet.

Kvifor ikkje bakkestyrkar? Er det av omsyn til NATO-soldatars liv?
Historiske røynsler, til dømes frå Indo-Kina, viser at soldatliv, heller
ikkje eigne, er så mykje verdt. Er det av omsyn til opinionen innanlands?
Det speler nok inn, særleg redsle for tysk motbør, men så langt har NATO
eller rettare skrive Washington vist lite omsyn til opinionen. Deira
propagandaapparat er drilla i å bortforklare og skuve all skuld over på
Milosevic, og det ville dei nok greie også når det gjeld bakkestyrkane.

Eg trur dei unngår bakkestyrkar fordi dei fryktar at dei ikkje kan greie seg
på landjorda. Dei veit at stordelen av NATOs soldatar er fysisk dårleg trena
ungdommar. Vi ser det i vårt eige land, der stadig færre soldatar greier
marsjmerket, der til dømes dei beste laga i Holmenkollstafetten bruker
fleire minuttar meir på løypa enn tjue år attende og der ungdoms problem med
overvekt blir stadig større. I USA og Storbritannia er det langt verre enn
her. Dei veit at NATO-soldatane er utan krigsrøynsler, dårleg motiverte og
med liten sjølvtillit. Dei veit også at serbiske soldatar er etterkomarar
etter Jugoslavias berømte geriljasoldatar i andre verdskrigen, at dei
kjenner landskapet og befolkninga og er villige til å setje eigne liv på
spel. Og dei veit frå mange land at geriljasoldatar i eige land er
vanskelege motstandarar.

Altså fryktar NATO at den proklamerte og sjølvsagde sigeren uteblir og at
dei kan li eit militært nederlag på bakken, eller iallfall at dei må gjennom
ein langvarig stillingskrig. Ei slik utvikling i krigen om Balkan ville vere
eit dramatisk politisk nederlag for NATO og må unngåast for einkvar pris.
Det vil vise at små land framleis kan greie seg militært mot store.

Difor er det grunn til å tru at bakkekrigen ikkje vil kome. NATOs strategi
vil også i framtida, i veker og månader, vere "fredsbombing". Og formålet
vil stadig meir vere å råke sivilbefolkninga, i von om at dei med det vil
sjå seg tvinga til å vende seg mot Milosevic.

Olav Randen