Re: Joschka Fisher lyver om Rambouillet-avtalen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Fri, 14 May 1999 17:24:49 GMT

Knut Rognes:

>"For NATO/Kroatia og NATO/Bosnia-Herzegovina (Dayton) gjelder at NATO har
>vide fullmakter:

>For NATO/Jugoslavia (Dayton) gjelder at NATO ikke nyter vide fullmakter,
>men FRY gir rett til transitt etter nærmere avtalte ruter:

Finst det gode grunnar til at Nato i Rambouillet-avtalen har vide
fullmakter? Eller slutta "historia" etter Dayton, for så å byrja att i
Rambouillet? Ein treng ikkje ha så unge og skarpe augo for å sjå at det har
hendt mykje i mellomtida. Eg ser ingenting som talar i Milosevic sin favør,
korkje av politisk vilje til ei "fredeleg" løysing, eller vilje til
kompromiss med kosovoalbanarane. Mykje tyder på at Milosevic alt før valet i
-89 hadde bestemt seg for å "tøme" Kosovo for albanarar, fordi desse
"undertrykte" og "fordreiv" serbarar. Han har gått fram etappevis og
systematisk. Etter ti år har regimet mist all legitimitet i internasjonal
samanheng. Det var eit siste anfall av velvilje som gjorde at
Frankrike/England freista å få i stand ei løysing likevel.

>Ser vi på Rambouillet-"avtalen", som ble forkastet av Jugoslavia (faktisk
>av begge parter), kan vi i Appendix B gjenfinne eksakt den samme ordlyden
>om vide fullmakter:

Kva meiner du med "faktisk av begge parter" her?

>...Jugoslavia / Milosevic har siden Dayton konsekvent avvist
>nettopp den teksten som Fischer holder skjult under teppet.

Eg har aldri sett, eller høyrt den serbiske delegasjonen snakke om den
militære delen av Rambouillet-avtalen. Om du har noko på lager, kunne eg
godt tenkje meg å lesa det. Etter det eg forstod medan forhandlingane gjekk
føre seg (analyser i franske aviser og intervju med forhandlingsleiarane),
nekta Milosevic utplassering av ein internasjonal styrke i Kosovo på
prinsippielt grunnlag. Det blei til og med halde ei "folkeavstemming" om
internasjonal innblanding i april -98. Den serbiske delegasjonen i
Rambouillet/Paris var berre viljuge til å diskutere den politiske delen av
avtaleutkastet. Dei proklamerte fleire gonger at den militære delen var
"ikkje-eksisterande". Når det blir hevda at den serbiske delegasjonen ikkje
skreiv under på Rambouillet-avtalen fordi vilkåra var "urimelege", er dette
i beste fall ei løgn.

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
Gratuit >> hebergement/emails/abonnement INTERNET !