Re: Mulig krigsforbryterdomstol

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Mon, 10 May 1999 18:49:05 GMT

Ola Lars Andresen:

>kritisk og vaktsomt blikk. Ikke at jeg mener det er særlig tvil om Milosevic
>’s ansvar for omfattende forbrytelser og overgrep. Men vi vet hvem som står
>bak prosessen mot ham, for det er oss (bl.a. som «Nato-medlemmer»), og
>dermed burde vi egentlig være erklært inhabile i den saken.

1)Særlig tvil??

2)Kven er habile til å døme Milosevic m.fl.?

> At krefter i Canada og andre vestlige land nå har satt seg i sving for å
>prøve den andre siden av saken, nemlig våre brudd på folkeretten, FN-pakten
>og Nato-charteret, er minst like nødvendig. Det tror jeg ikke jeg behøver å
>argumentere for.

Sjølv om denne prosedyren har eit snev av avleiingsmanøver, er han kanskje
haldbar reint formelt. Eg sende nokre spørsmål til dei tre kontaktpersonane
i den opphavlege meldinga, og fekk eit langt utfyllande svar frå ein av dei,
med nok eit tillegg i dag. Dette er private meldingar, og eg kan diverre
ikkje leggje dei ut på KK-forum (av prinsipp).

Det eg kan seia er at eg fekk mistanken min bekrefta om at desse initiativa
berre er andre aspekt av krigsmotstanden. "Krefter i Canada og andre
vestlige land" er ikkje så "uskuldig" som det høyrest ut. "American
Association of Jurists" er ikkje ein ny, "uavhengig" NGO... det er ein
organisasjon som blei oppretta på midten av 70-talet og som var ein del av
International Association of Democratic Lawyers (IADL), den gongen ein
organisasjon kontrollert av Sovjetunionen [kjelde: La Repubblica].

Oddmund Garvik


______________________________________________________________
Message envoye depuis iFrance >> http://www.ifrance.com
o 20 Mo gratuits pour votre site (entreprises ou particuliers)
o Vos adresses email gratuites (comptes pop ou par navigateur)
o Un acces a l'INTERNET sans abonnement gratuit le W.E.
o Dialoguez en direct gratuitement avec le monde francophone