Re: Provokasjon (var kamelsvelging, sterk tro osv)

Paal Hellesnes (paal@feskar.net)
Wed, 28 Apr 1999 12:59:17 +0200 (CEST)

> M.a.o.: Det beste er at NATO gir seg. Det nest beste er at Milosevic ikke
> gir seg, og det innebærer fortsatt krig. Det verste alternativet for Rognes
> (og "antikrigsbevegelsen"?) er at krigen stopper fordi Milosevic-regimet
> gir etter?
>
> Å hindre at NATO "vinner", er så viktig med tanke på mulige fremtidige
> forhold i verden, ikke nødvendigvis relatert til Balkan, at krigen (som
> forøvrig ikke bare består av bombing, men også av etnisk rensing i Kosovo)
> heller må vare på ubestemt tid, enn at Milosevic gir etter?
>
> Trond Andresen

Dette utrerte standpunktet trur eg ikkje det fins nokon som har forsvart.
"Antikrigsrørsla" er nette det - ei rørsle mot krig. Om denne krigen
førast av NATO mot folk i Jugoslavia/Montenegro/Kosovo eller av
Milosevic-regimet mot kosovoalbanarane går her for det same. Eg syns du
slåss mot stråmenn her, Trond. Så langt i mitt antikrigsarbeid har eg
ikkje møtt ein person som forsvarar etnisk rensing eller meiner at dei som
er ansvarlege for han ikkje skal stillast for retten. (Med unnatak av ein
opphissa kosovoalbanar som meinte at ALLE serbarar skulle kastast ut av
Kosovo, men han er eg villig til å orsaka grunna dei uhyrlege tilstandane
i Kosovo)

Den BEST tenkelege løysinga slik eg ser det er omlag slik:
1) NATO-bombinga og den etniske rensinga vert stogga
2) Dei demokratiske kreftene i Serbia og Kosovo fjernar antidemokratiske
krefter og tek makta
3) Folket i Kososovo og Serbia vert samde om fredeleg sameksistens
4) Alle stormakter trekk seg ut av området

Dette er ein ønskedrøm, og kjem ikkje til å skje. (med det første).
Problemet for oss sosialistar er at vi er inne i ein situasjon skapt av
ein internasjonal imperialistisk verdsorden og vert tvungne til å laga
realistiske fredsalternativ INNANFOR denne. Slike har eg vanskeleg for å
sjå for meg, men om vi skal ha meir å seia enn berre "Sosialisme eller
barbari" (som vi og bør seia) må vi vel freista. Så her er nokre forslag:

1) NATO stansar bombinga
2) Det vert satt i gong DIREKTE forhandlingar mellom Kosovoalbanarane og
det Jugoslaviske regimet.
3) Jugoslavia vert lova oppheving av økonomiske sanksjonar og naudhjelp
til oppbygging av landet, mot at serbiske styrker vert trekt ut av Kosovo,
og at flyktningar frå Kosovo får venda heim.
4) Ein internasjonal FN-styrke, KJEMISK RENSA (etnisk rensa?;-)) for
amerikanarar på 150-200.000 mann vert sett inn i Kosovo for å garantera
tryggleiken til Kosovoalbanarane, og hindra represalier mot serbarar i
Kosovo. (Om nokon meinar at dette er for dyrt, kan dei oppmodast til å
rekna ut kva den pågåande krigen kostar kvar dag, og kor mange år ein slik
styrke ville kunne vera i Kosovo før det har kosta like mykje som ein
månad med bombing/bakkekrig)
5) Krigsforbrytarar på begge sider vert stilt for internasjonale
domstolar.

Vel, det er det (nest) beste eg kan sjå for meg. Problemet er at dette har
ikkje USA den ringaste interesse av, og derfor kjem det ikkje til å
skje...

Ordskiftet om denne krigen bør føra til ny aktualitet kring ordskifta om
vi i det heile teke kan leva med dagens imperialistiske verdsorden utan at
vi må handskast med ei endeløys rekke av Irak-konfliktar,
Jugoslavia-krigar og anna faenskap. Skal ein vera konsekvent, er trass alt
einaste løysinga eit sosialistisk folkestyre.

Pål (skjematikar og firkant)