Re: Provokasjon (var kamelsvelging, sterk tro osv)

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 28 Apr 1999 09:07:15 GMT

Systemet mitt braut saman for eit par dagar sidan, og eg forsømte ein del av
diskusjonen. Eg er ikkje paranoid, men det kan vel tenkjast at ein eller
annan hacker har vore i sving. No har eg reformatert harddisken og er
operativ att...

Trond Andresen skreiv:

>At 19:20 23.04.99 +0200, Knut Rognes wrote:
>
>>....hvis luftkrigens mål var å stopppe,
>>evt mildne etnisk rensing og terror, har NATO-aksjonen hittil vært en
>>uhyrlig fiasko. Enig?

>Men i denne omgang vil jeg referere BBC sitt intervju med øverstkommanderende
>for NATO-krigen, general Wesley Clark, sendt på NRK seint i går kveld, hvor
>Clark sa klart og tydelig at bombinga IKKE var lagt opp for å stoppe den
>etniske rensinga, men for å tvinge Milosevic til å akseptere Vestens krav.

Eg har korkje høyrt, eller sett dette intervjuet, men det forbausar meg
ikkje så veldig. Nato-toppmøtet tok eigentleg heller ikkje opp, eller la
fram noka løysing på problema for innbyggjarane i Kosovo. Ein svara ikkje på
elementære spørsmål som:

1) Korleis stoppe massakrane?
2) Korleis stoppe deporteringa?
3) Korleis skal ein sørge for at halvannan million kosovarar kjem seg heim
att, kan leve i fred og fridom under effektivt, m.a.o. væpna,
internasjonalt vern?

Eg er (liksom Trond og andre) mot *betingelsesløs* bombestans. Det
kosovoalbanske folket har i fleire år vore utsette for Milosevic-regimet sin
rasistiske politikk. Eg er for ei hard linje i høve til dette regimet. Eg er
for å knuse både det føderale jugoslaviske og det serbiske regimet, og
stille dei ansvarlege for den internasjonale domsstolen. Seinare vil ein
sjølvsagt måtte forhandle med demokratiske krefter i Serbia - ei mellombels
regjering, eller eit forretningsministerium - og hjelpe desse til å etablere
ein stat og ein administrasjon som ikkje er bygd på demagogi og fascistisk
undertrykkjing. Dette er den einaste løysinga om ein vil unngå kaos og vidare
destabilisering av Balkan. Gjenreisinga av ein ny serbisk republikk inneber
sjølvsagt væpna internasjonale styrkar i heile området.

På kort sikt er det også heilt avgjerande å ta knekken på dei serbiske
terrorstyrkane, som dagleg utset flyktningane inne i Kosovo for groteske og
umenneskjelege overgrep. Dei er om lag 50 000 mann - soldatar, politifolk,
spesialtropper frå Innanriksdepartementet og dei neofascistiske militsane
til Arkan, Seselj og andre bandeleiarar. Ingen pardon for desse! Dei som kan
identifiserast, må sjølvsagt også stillast for den internasjonale
domsstolen. OSSE-representantar held forresten på med kartleggjing og
verifikasjon av vitneforklaringar blant flyktningane med tanke på dette.

Til dei som kanskje er frista til å seia: "Var det ikkje det me sa?" "Nato
driter i Kosovaalbanerne!" (Jorun Gulbrandsen) osb., har eg fleire ting som
svar. Eg har aldri hatt illusjonar om Nato, eller om Nato-strategien. Dette
har eg sagt fleire gonger. Til dei som hardnakka påstår at den etniske
reinsinga og overgrepa i Kosovo er eit resultat av Nato-bombinga, blei
provosert fram av denne, osb., vil eg nok ein gong seia at dei tar feil. Dei
hoppar over nokre historiske fakta.

Sjølv om dei serbiske styrkane i løpet av tolv dagar klarte å kaste ut to
tredjedeler av det kosovoalbanske folket, og sjølv om massedeporteringa
starta etter at Nato-bombinga blei sett i verk, må me ikkje gløyme at over
400 000 kosovoalbanarar blei jaga frå heimane sine alt i 1998.

Det var ikkje Nato-aksjonen som sette i gang deporteringa. Nato-aksjonen har
berre avslørt eit prosjekt som var utvikla og planlagt i løpet av fleire år.
Det var og er ikkje Nato-bombene som fekk kosovarane til å flykte. Dei ba
alt i fjor om at det blei gripe inn mot den serbiske hæren. Dei har heile
tida vilja stoppe denne krigsmaskina som berre i løpet av fjoråret brende
41 000 hus, lenge før Nato engasjerte seg. I 1998 blei 463 albanske
landsbyar brende og mellom 400 000 og 500 000 menneske var utan tak.

Dei som trur at det var Nato som gjorde mogleg og akselererte deporteringa
av albanarane, hoppar over, eller "gløymer" massakrane i Drenica, Malishova,
Obrija, Dukagjin, Racak... Så vidt eg veit blei alle desse utførde før
Nato-aksjonen.

Den 24. mars var berre byrjinga på krigen mellom Serbia og resten av verda.
Det serbiske regimet er isolert, og utsegnene til Vuk Draskovic på tv her om
dagen, er kanskje eit teikn på at systemet slår sprekker, at nokre forstår at
den harde linja til Milosevic ikkje fører fram.

Tida vil vise.

Oddmund Garvik
.......
UNHCR News - Kosovo Crisis Update
http://www.unhcr.ch/news/media/kosovo.htm