Gråtekonene_mot_Nato_=28var_provokasjon=29

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 28 Apr 1999 12:35:24 GMT

Knut Rognes skreiv:

>Trond Andresen skrev 23:42 27.04.99 +0200:
>
>>... Ellers lurer jeg på om "antikrigsbevegelsen" også ønsker at Milosevic
>>(ikke bare NATO) skal gi seg, eller er det da tross alt bedre at bombinga
>>fortsetter? Er kravet utelukkende at bare NATO skal gi seg, ikke Milosevic?
>>Hva synes man om utspillet til Drascovic?
>
>"Bombinga" er ikke noe som går av seg selv, det er mennesker som tenker som
>står bak. Det er NATO som har gått til angrepskrig og det er NATO som
>ødelegger Jugoslavia (selv om NATO/USA/Clark/Bondevik, .... og mange med
>dem synes å mene at det er Milosevic selv). Vi kan bare forholde oss til
>Norge og dets ansvar for angrepskrigen. En militær "seier" til NATO vil
>være illevarslende på svært mange måter.

Kva er det eigentleg Milosevic-regimet har drive på med sidan 1989? Fredeleg
sameksistens? Fridom og rettferd for alle? Har det vore eit regime som eit
kva som helst anna regime i Europa?

Eg har omsett eit lite stykke eg fann i Libération av ein albansk forfattar
som lever i Barcelona, Bashkim Shehu. Han høyrer til det internasjonale
forfattarparlamentet, ein "arena" som blei oppretta i 1994 då Rushdie-saka
blei kjend.

"Gråtekonene mot Nato av Bashkim Shehu

Om det dei som er for "betingelsesløs bombestopp", gløymer. Dei som
moraliserer mot Nato og forlangar fred utan vilkår, er med på å aksentuere
forvirringa av fleire årsaker.

For det første gløymer dei at krigen i Kosovo byrja for over eit år sidan,
sjølv om denne har blitt kalla "lågintensitetskrig" (brennning av landsbyar
og mord av "låg" intensitet blant dei sivile, særleg i høve til alder,
ettersom spebarn har vore inkluderte i dette).

For det andre gløymer dei som skuldar Nato for å bombe Jugoslavia, kven som
bomba og som framleis bombar Jugoslavia. Det er ikkje Nato, men den
jugoslaviske hæren som siktar inn sivile mål med kanonane sine, brenn byane,
og raserer landsbyane i Kosovo. Ein del av Jugoslavia. Eller er det ikkje det?
Kanskje det er eit internt problem? Liksom gulaget? Det har likeins lenge
vore taust om gulaget (det gulaget der forfattaren av desse linjene passerte
åtte år av ungdomstida si, medan fleire kameratar i lidinga gav frå seg
atten, eller tjue år, ungdom og alderdom; andre gav frå seg livet). Men det
er enda meir forbausande å sjå progressive intellektuelle som legg vekt på
gapet mellom det sivile samfunnet og den politiske representasjonen av dette
( ein idé eg er samd i), forkaste avgjerdende til denne representasjonen,
men hugse på FN som om dette organet sto nærare dei sivile samfunna enn dei
vestlege parlamenta. Er det på grunn av Russland? Eller Kina?

For det tredje fører alle desse bønnene om ei fredeleg løysing, blanda med
jamring over kosovarane til ei uløyseleg gåte: Korleis overtale
statthaldaren i Beograd til å slutte med den etniske reinsinga? Ved hjelp av
vakre ord? Ved hjelp av meldingar til himmelkvelven frå forskjellige NGO?
Rørande meldingar som berre får Milosevic til å le, og som gjer meldingane
til hoffnarreri.

For det fjerde, sjølv om dobbelmoralen til Nato er klår - etter som dei
ikkje rører ein finger for rettane til kurdarane, utsette for ville overgrep
frå eit av medlemmene i alliansen - forstår eg ikkje argumentet om at Nato
med luftåttaka sine bidrar til den etniske reinsinga og folkemordet i
Kosovo. Om at Nato stimulerer Milosevic. Som om Milosevic ikkje hadde noka
makt til å bestemme. Som om den serbiske terrormaskina av forbryterske
politifolk ikkje var samansett av personar, men av uskuldige automatar. Med
denne raske logiske slutninga blir grunnen til brotsverket usynleg. Eller
rettare sagt uskuldiggjort.

Den etniske reinsinga og folkemordet byrja for eit år sidan, og blei
intensifiert til det ekstreme under fredsforhandlingane. I dag blir det
utført i ein utruleg rytme: Det som i Bosnia varte i tre år, har i Kosovo
blitt gjort unna på to til tre veker. Om vestmaktene hadde gitt Milosevic
litt meir tid, hadde han sjølvsagt halde fram i fred og ro med den tidlegare
rytmen. Han hadde tatt den tida han trong for å ordne sakene.

Og så til slutt all denne sukkande medkjensla med om lag ein million
kosovarar (til no) forvandla til flyktningar: Slik har kosovarane slutta med
å vera innbyggjarar. Me ser dei berre som objekt for humanitær hjelp. Ikkje
som personar. Personar er innbyggjarar med fundamentale og uavhendelege
rettar."

(omsett frå fransk av Oddmund Garvik)