Re: Flyktningetall

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Wed, 28 Apr 1999 13:28:05 GMT

Jon Hareide Aarbakke skreiv:

>Garvik tar godt i her. Jeg presiserer at jeg ikke er noen venn av Milo - men
>jeg kan ikke se at antallet som har forlatt Kosovo inntil i dag overstiger
>500.000. Tar jeg feil? De første dagene nærmest fosset folk ut av Kosovo, men
>det har jo roet seg betraktelig etter det jeg kan se.
Sikta du til dette:

>3) Korleis skal ein sørge for at halvannan million kosovarar kjem seg heim
> att, kan leve i fred og fridom under effektivt, m.a.o. væpna,
> internasjonalt vern?

Eg sikta her til talet på flyktningar i og utanfor Kosovo. Talet er eit
rimeleg overslag over dei som flykta i 1998 (over 400 000), dei som hittil
har flykta i 1999 (rundt 800 000) og dei som framleis er flyktningar inne i
Kosovo (ukjent tal, men 200-300 000 har blitt nemnt).

Forandrar det forresten noko som helst om talet var litt mindre, eller litt
større?

Oddmund Garvik