Re: "Operation Heavy Metal"

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Sun, 18 Apr 1999 22:00:49 GMT

Karsten Johansen:

>Altså: før NATOs angrep, et Serbia i krise, 80 prosent av bedriftene går med
>underskudd, arbeidsløsheten ligger på 28 prosent. Artikkelforfatteren regner
>med, at det under forhandlingene lokkes med kreditter og lån. Ca. 25
>mennesker til en nasjonalistisk demonstrasjon for kravet om å beholde Kosovo
>er ikke imponerende. Et bilde av et serbisk regime i dyp krise.

Kva er det du vil "vise" med dette? Skulle Nato-aksjonen liksom ha redda
Milosevic-regimet i siste liten? Dette er berre tøv. Det har vore krise i
Serbia i årevis, men det har ikkje vore mogleg å stable på beina eit
politisk alternativ. Opposisjonen frå 1996-97 er så godt som borte (dette
har eg haugevis av dokumentasjon på). Ein stor del av den intellektuelle
"opposisjonen" i Beograd har elles teke del prosessen som gjekk ut på gjera
det serbiske folket til "offer", og har såleis vore med på å skape ein
ideologi som viser den serbiske nasjonen som offer for historia. Serbarane
var blitt apatiske. Serbia var blitt eit absurd land, utan "politikk", utan
"høgre", eller "venstre". Utan alternativ.

>Uansett hvor lang tid i forveien fordrivelsen av Kosovos albanske befolkning
>har vært planlagt av det serbiske regimet, må man spørre: hadde det vært
>mulig å _sette i verk_ den raske og altomfattende fordrivelses- og
>utryddelseskampagnen som nå foregår og nærmer seg slutten _uten fjernelsen
>av OSSE-observatørerne og NATOs bombekampagne_? 25 demonstranter i Beograd
>for å beholde Kosovo før krigen tyder ikke på at det ville vært voldsom
>folkelig oppbakning i Serbia for det.

Beograd-avisa "Nin" utførte i byrjinga av februar ei meiningsmåling blant
eit representativt utval på 200 personar. 46% av desse såg på Kosovo som det
viktigaste problemet. Økonomien kom på neste plass med 33%. Spørsmålet som
blei stilt var: "Må Kosovo forsvarast for einkvar pris og er du - eller
einkvann i familien din - viljuge til å engasjere dykk i ein krig for
Kosovo?" 63,5% svara ja på dette spørsmålet. 9,5% svara nei. 18,5% ville
forsvare Kosovo koste kva det koste ville, men ville ikkje sjølv dra i
krigen. 6% ville forsvare Kosovo, men var ikkje sikre på om dei ville dra i
krigen. 2,5% hadde ikkje gjort seg opp noka meining. Ein stor majoritet held
altså fram at Kosovo må forsvarast for einkvar pris. Nokre meiner at
"albanarane må likviderast", andre vil berre "jage" dei. Men avisa skriv at
desse radikale synspunkta ikkje er så talrike som ein skulle tru, sett på
bakgrunn av den måten albanarane blir presenterte på i offisielle media.

Den etniske reinsinga var ikkje berre planlagt på førehand, ho var alt sett
ut i livet i fjor. Mellom januar -98 og januar -99 var talet på myrda i
følgje internasjonale kjelder på rundt to tusen. Sidan slutten av januar -99
har minst 3200 menneske blitt massakrert. Regimet trong korkje "fjernelsen
av OSSE-observatørerne og NATOs bombekampagne" for å gjera dette.

>Hvordan har ikke bombetoktene rettet opp på regimets krise, sett fra
>Milosevitjs perspektiv? Motivasjon for folkefordrivelse og terror mot sivile
>i Kosovo, unnskyldning for brutalitet og massakrer, samling rundt serbiske
>mytologier. Alt dette har krigen brakt Milosevitj. Ikke rart han avviste
>NATOs "tilbud". Ikke rart han ønsket å provosere fram bombing - ...

Milosevic trong ikkje "bombetoktene". Han har bygd opp til dette sidan
1989, ganske sikkert før det. Kosovo var ikkje berre ein provins i den
serbiske republikken, men ei føderal eining med eit parlament, ei regjering
og eit territorium som var definert i den jugoslaviske grunnlova. Dette blei
på ulovleg vis annulert av det serbiske regimet i 1989. Til forskjell frå dei
andre føderale einingane blei Kosovo alt frå 1981 av utsett for fleire
bølgjer av terror som i 1990 enda med innføringa av apartheid i Europa.
Albanarane blei jaga frå alle institusjonar: Sjukehus, skular, bedrifter
osb. Den etniske reinsinga i institusjonane blei våren 1998 fylgd opp av
etnisk reinsing i terrenget i Kosovo. Det som skjer i dag er berre ei
oppfylgjing og aksentuering av dette.

>Disse tingene er langt mere komplisert enn den vanlige kardemomme-moralismen
>er i stand til å fatte.

Det har du rett i, men eg forstår ikkje kvifor du hoppar i den same grøfta,
forenklar og "gløymer" viktige ting. At du har endra standpunktet ditt er
greitt nok. Kvifor skal du på febrilsk vis leite etter nåler i høystakken
for å forklare, eller rettferdiggjere dette?

Oddmund Garvik