Re: IS, NKP og krigsmotstand

Even Sandvik Underlid (eunderli@online.no)
18 Apr 99 20:48:35 +0500

Min far ønsket å svare på dette innlegget av Steinar Alsos. Jeg gir ham
ordet...

>Ifølge Klassekampen fredag 16.april har folk fra IS og NKP blokkert for at
>antikrigs-demonstrasjonen i Oslo 17.april skal ha en parole med tittelen
>"Stopp den etniske rensinga".

>Kan noen fortelle meg hva som er vitsen med at det ikke skal være en slik
>parole i toget? Støtter man den etniske rensinga? Tror man ikke på at dette
>skjer?

>Eller er man så mot USA og Nato at alt Natos motstandere gjør er bra - per
>definisjon?

Eg har også lese Klassekampen sitt oppslag, men eg kjenner ikkje til dei
konkrete diskusjonane som har pågått i anti-krigsnettverket i Oslo. Eg er
dessutan ikkje heilt sikker på om Klassekampen har gjengitt dette heilt
korrekt. Som du sikkert forstår har eg derfor problem med å ta konkret
stilling til kva som har skjedd i Oslo. Men eg kan gjerne diskutere
spørsmålet på meir generelt grunnlag. Eg trur det er viktig at
parolegrunnlaget i samband med demonstrasjonar mot NATO-bombinga er av ein
slik natur at det er mest mogeleg samlande. Det bør eigentleg vere eit
minste felles multiplum som samlar alle som er i mot denne bombinga. Her
bør det ikkje trekkast inn parolar som kan verke splittande på motstand-
fronten. Dessutan trur eg også at det er viktig å avgrense seg til denne
eine saka - stopp NATO-bombinga - og ikkje trekke inn andre spørsmål i
denne samanheng. Når alt dette er sagt må det sjølvsagt understrekast at
NKP er motstandar av all etnisk rensing, uansett kvar dette dette måtte
skje, uansett kven som måtte bli utsett for det, uansett kven som måtte
stå bak. Det er i denne samanheng viktig å understreke at serbarane også
i stor grad har blitt utsett for dette. Når det berre vert fokusert på
negative overgrep frå den eine sida, vert dette tendensiøst.USA/NATO
forsvarer den grusomme bombinga med at det pågår etnisk rensing i
Jugoslavia. NKP aksepterer ikkje dette som påskot til å intervenere
militært. Viser elles til fleire av NKP sine fråsegner i samband med
krigen i Jugoslavia. Stopp NATO-bombinga, som faktisk forverrar
situasjonen i landet og som forsterkar hatet mellom dei etniske gruppene.

--
Kjell Underlid,
Sentralstyremedlem NKP