Re: Bondevik og krigen

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 8 Apr 1999 21:00:57 GMT

Arnulf Kolstad:

>Noen tror fortsatt paa myten om at "alt var
>forsoekt" og at bombekrigen var "noedvendig" Dette bedrageriet boer
>kritiseres. Det er selvfoelgelig et utall andre maater situasjonen
>mellom folkene paa Balkan kunne bedres paa. Bombekrigen bidrar kun
>til aa gjoere alt mye verre, men ut fra den erfaringen vi
>naa har, er krig og bombing Clintons og Blairs foretrukne maate aa
>loese politiske konflikter paa naar diplomatene kaster kortene.

Du prøver å stikke hol på eit standpunkt som du kallar ein myte, ved å
trekkje fram ein annan myte: "Bombekrigen bidrar kun til aa gjoere alt mye
verre." Studerer ein fakta, oppdagar ein at den serbiske offensiven var i
gang før Nato bestemte seg for å gå til aksjon. Du og mange andre snakkar om
andre løysingar, men då må du/de koma med forslag. Kom med ei alternativ
løysing så kan me gjerne diskutere den. Held det fram som no, blir det berre
patetisk kvekking frå den eine og andre kanten. Ingen av oss trur sjølvsagt
at krigen i Kosovo vil bli løyst her på KK-forum, men det kan vera ei kjelde
til viktige, prinsipielle diskusjonar. Slik diskusjonen no utartar seg blir
det berre ein slags ørkeslaus skyttargravskrig som ikkje fører nokon stad.

Eg veit ikkje korleis me skal koma vidare. Eg byrjar å bli lei av heile
diskusjonen og lurer på om det ikkje er betre å bruke tida på
solidaritetsarbeid i staden. Eg byrjar sant å seia å bli litt skamfull over
berre å sitje slik utan å gjera noko.

>Selv om Bondevik
>og resten av dem som er ansvarlig fra norsk side for
>krigen paa Balkan ikke kan stilles for krigsrett, saa kan det kanskje
>opprettes et Norsk Tribunal etter moenster av Russeltribunalet under
>Vietnamkrigen, sammensatt av intellektuelle, jurister, humanister og
>andre med kunnskap og integritet, og som kunne belyse kritisk den
>norske regjeringens bidrag til krigen i Jugoslavia og de lidelsene
>den foerer med seg foerst og fremst for sivibefolkningen. Det ville
>ogsaa vaere en god anledning til aa faa fram de alternativene til
>bombekrig som finnes for aa loese etniske, nasjonale og politiske
>konflikter naa og i framtida, naa som militaerteknologien har gjort at
>krig foerst og fremst rammer sivilbefolkningen, enten direkte eller
>indirekte.

For meg er det meir presserande å få dømt Milosevic og bødlane hans for
krigsbrotsverk og brot på menneskerettane. Du stiller på linje med
redaksjonen i Klassekampen, som går heilt av skafta om dagen, og som er i
ferd med ikkje berre å drite seg ut, men å bli heilt isolerte. Det er eit
heilt meiningslaust forslag du kjem med, Arnulf Kolstad. Ikkje fordi det
berre er eit slag i lufta, men fordi det er basert på ei forvrenging av
røyndomen: Noreg er eit lite land i Nato, og den norske krigsinnsatsen er
tilsvarande liten, og fører IKKJE til lidingar "foerst og fremst for
sivilbefolkningen".

Oddmund Garvik