Re:_Hva_skal_vi_med_høyrefolk=3F

Oddmund Garvik (garvik@i-france.com)
Thu, 8 Apr 1999 21:58:14 GMT

Knut Rognes kjem med eit 100% demagogisk innlegg der han har vridd
standpunkta mine og blanda alt i ei gryte slik at det ikkje heng i hop. Eg
har ikkje så mykje å svare på.

Han går systematisk til verks, med galgenhumor og mot i brystet:

>Fem punkter, A-E, og én konklusjon:
>
>*A*:
>
>Oversetter vi Garviks første utsagn til norsk klartekst, ser vi at han
>innleder sin argumentasjon mot Howard Zinn slik:
>
>Howard Zinn er truleg jøde.

Dette er heilt underordna, og var du litt meir velviljug hadde du ikkje
hengt deg opp i dette. Men du har lite å fara med, difor blir du demagogisk.
Eg veit sjølvsagt kven Zinn er og har lese fleire ting han har skrive. Men
eg er ikkje alltid samd med han. Saman med Chomsky og nokre andre høyrer han
til eit "establishment" av venstreradikale tenkjarar i USA. Eg les dei av og
til, men dei har aldri vore guruane mine. Det eg sa i høve til Zinn denne
gongen, var at han berre bruka snautt ei linje - åtte ord - om terroren til
dei serbiske styrkane i Kosovo. Dette stilte eg spørsmål ved. Er det så
vanskeleg å få dette inn i hovudet?

>*B*:
>Javel. Såvidt meg bekjent har ingen hevdet at "Natobombinga som er ansvarleg
>for at fleire hundre tusen kosovoalbanarar er på flukt og eit ukjend
>tusental døde sivile alt ligg i massegraver i Kosovodalane."
>
>Det som har vært hevdet er at bombingen bl.a. førte til at Milosevic satte
>ekstra fart i den etniske rensingen og fordrivelsene. F.eks. KVJ som skrev:

Dette er feil. Fleire på forumet, i Klassekampen og i protestrørsla
framstiller krigen som eit resultat av Natobombinga. Eg er samd i at
bombinga *kanskje* førte til at terroren blei meir ekstrem, men dette er ikkje
eit argument mot Natoaksjonen. Eg har kritisert Natoaksjonen for mangel på
ein klår strategi, eit snev av improvisasjon. Dette held eg fast på. Du
siterer Wesley Clark, men han er berre ein av mange. Natoaksjonen spriker
fordi dei amerikanske og europeiske motiva er forskjellige. Dette kan me
gjerne diskutere vidare, om du sluttar å lese meg på tverke.

>*C*. >Vet Garvik hvem Dianne Johnstone er?

Eg gjer nok det. Kva så?

>*D*. For Garvik er verden enkel:

Eg har aldri sagt det, og eg trur ikkje det. Eg kasta meg tidleg ut i
debatten og har sagt mange ting, men det som går att som ein raud tråd er at
"Det er mange uklåre punkt i denne krigen, og få ting er "evident".

>*E*. Ifølge Garvik
>>bombarderer [jeg] KK-forum med pro-serbisk propaganda. ...
>
>[dvs kommentarer av Dianne Johnstone, Sunil Sharma, Eric Gordy, Noam
>Chomsky, Mark Bruzonsky, Edward Hermann, Michael Klare, Norman Solomon,
>Edward Said]

Skulle det vera ei slags majestetsfornærming å trekkje i tvil standpunkt og
påstandar frå desse folka? Eg har peika på fleire døme av argumentasjon som
nødvendigvis fungerer i ein propagandakrig. Informasjon og debatt har aldri
vore nøytrale aktivitetar. Eg blei litt lei av å lese desse lange sitata
dine, men la gå. Du har sjølvsagt like stor rett som oss andre til å sende
stoff til KK-forum, men då må du også tåle å bli vurdert, kritisert, evt.
sabla ned. Dette er vanleg sportsånd.

>*Konklusjon*: Hva skal vi med høyrefolk når vi har slike venstrefolk?

Konklusjonen din får stå for di eiga reikning. Stå på med slikt om du har
glede av det.

Oddmund Garvik